Professor Dahls gate i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mot nr. 21 med det karakteristiske hjørnetårnet, ca. 1930. Dei andre husa på biletet er jamna med jorda.
Foto: Thorleif Wardenær
Rundt 1875 var ikkje så mykje av kvartalet mellom Professor Dahls gate, Eilert Sundts gate og Uranienborgveien bygde ut.
I nr. 22 låg tidlegare eit trehus med kolonialbutikk.
Foto: Anne Kathrine Heggebø Breien (1980)
Tidlegare stod denne sveitservillaen i nr. 25.
Foto: Ole Tobias Olsen
Nr. 26 frå hagesida på 1920-talet
Foto: Anders Beer Wilse
Like etter krigen huste nr. 26 Unge pikers fritidshjem.
Foto: Leif Ørnelund
Løkkehuset i nr. 44 i 1860-åra
Foto: Ole Tobias Olsen
I 1937 var fasaden på løkkehuset forenkla noko.
Foto: Fritz Holland

Professor Dahls gate (1–53B, 8A–52) er ei gate i Oslo. Ho går frå Bogstadveien til Kirkeveien. Gata fekk namn i 1879 og er oppkalla etter professor Johan Christian Clausen Dahl, meir kjent som malaren I.C. Dahl (1788-1857).

Gata går frå Kirkeveien i vest, over Vestkanttorvet før ho held fram austover til der Hegdehaugsveien går over i Bogstadveien.

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

Nr Bilde Skildring
1 Professor Dahls gate 1

Leigegard (ark. August Tidemand) oppført 1884 for Otto Juul Schjønneberg. Tre etasjar i pussa tegl. Nyrenessanse.[1] Listeført.[2]

3 Professor Dahls gate 3

Oppført for Otto Juul Schjønneberg.[3] Fasademessige likskapar med nr. 1, som er teikna av August Tidemand. Listeført.[4]

5 Professor Dahls gate 5 Hjørnegard (ark Samuel Borgfelt) oppført 1902. Fire etasjar med pussa fasade. Enkel jugendstil. Markant hjørnetårn. Underetasje noko endra.[5] Listeført.[6]
7 Professor Dahls gate 7 Hjørnegard (ark. Carl Aaman) ved Eilert Sundts gate. Fire etasjar i pussa tegl og loftsetasje. Enkel nyrenessanse med langsgåande band i dei to nederste etasjane.[7] Listeført.[8]
8 Professor Dahls gate 8 Bustad- og forretningsgard ved Holtegata. Tre etasjar i pussa tegl og loftsetasje. Enkel nyrenessanse. Forretningar i gateetasjen, elles bustader. Den norske studentersangforening har lokale i kjellaren,[9] og Norsk ballettinstitutt held også til i huset.[10] Listeført.[11]
10 Professor Dahls gate 10 Listeført bygg frå 1886 [12] som er blitt kjend som Casa Rosa. På denne adressa låg Frøknene Platous Forskole for gutter før den fyrste verdskrigen, med Johan Borgen som ein av elevane.[13]
16 Professor Dahls gate 16 Bustadgård (ark. Jørgen Berner) oppført 1930.[14] Fire etasjer (med den øvste litt tilbaketrekt) og sokkeletasje. Pussa fasade. Funkisaktig. Listeført.[15]
17 Professor Dahls gate 17 Tilbaketrekt frå gata (inntil Ulfstens gate) står eit stort gult murhus frå 1856[16] med mansardtak. Seks leilegheiter fordelt på to etasjar og loftsetasje. Huset har tilhøyrd antroposofar sidan 1907, og Rudolf Steiner vitja huset fleire gonger.[17][18] Listeført.
18 Professor Dahls gate 18 Her stod det tidlegare eit mindre murhus og eit trehus med adresse nr. 20.[19] Den noverande bustadgarden (ark. Ole Petter Hjort) blei oppført i 1959.[20] Fire til fem etasjar i upussa tegl.
19 Professor Dahls gate 19A Bygard oppført i 1902 (nr. 19A) med bakbygning (nr. 19B, arkitekt: Gulbrand Øverbye) frå 1926.[20] Listeført.[21]
21 Professor Dahls gate 21 Bygard (ark. Kristen Rivertz) oppført 1893–94 for Sigvart Bakke på det nordre hjørnet ved Majorstuveien. Karakteristisk gard som blander elementer av nyrenessanse og barokk. 3 1/2 etasjar med mansardtak og markert hjørnetårn.[22] Har tidlegare husa eit pensjonat.[20] Listeført.[23] Hadde tidlegare nr. 21B, då eit trehus på tomta for nr. 23 hadde nr. 21.[19]
22 Professor Dahls gate 22 Tidlegare stod det eit trehus her.[19] Den noverande bustagarden (ark. Rolf Wahlstrøm) blei oppført i 1983. Reisebyrå i gateetasjen.[24]
23 Professor Dahls gate 23 Murvilla frå 1946, verna etter Plan- og bygningsloven.[25]
24 Professor Dahls gate 24 Murvilla (ark. Henrik Bull) oppført 1917/18.[26] Verna etter Plan- og bygningsloven.[27]
24C–K Professor Dahls gate 24C–K Rekkehus (ark. Nicolai Beer) oppført 1928. Funksjonalisme. Ein garasje i 24B er frå 1930.[28][29]
25 Professor Dahls gate 25 Her stod tidlegare ein sveitservilla oppført 1864 for Ambrosia Blytt (enke etter Matthias Blytt).[13] Her budde vegdirektør Hans Hagerup Krag i 1880-åra.[30] Den noverande bustadgarden (åtte bueiningar) er teikna av F.S. Platou og oppført i 1967.[31] Verna etter Plan- og bygningsloven.[32]
26 Professor Dahls gate 26

Hamna, løkkehus på løkke anlagt for Ludvig Kristensen Daa. Oppført 1864,[31] med endringar i 1898 av Halfdan Berle. Tilbygg, ny fasade og innvendige endringar i 1917 ved Henrik Bull. Har gått under nemninga «Det hvite hus i Professor Dahls gate». Huset har vore brukt til fleire ulike føremål.[13][33] Verna etter Plan- og bygningsloven.[34]

27 Professor Dahls gate 27 Fjeldhøi, sveitservilla i halvannan etasje oppført i 1864 for Ambrosia Blytt. Sonen, botanikaren Axel Blytt, budde her i fleire år. Huset ligg eit stykke tilbake frå gata, bak 27B–C. Villaen i nr. 37 er svært lik denne.[13][35][36] Verna etter Plan- og bygningsloven.[37]
27B–C Professor Dahls gate 27B–C Tomannsbustad (ark. Adalbert Kielland) i to etasjar oppført i 1928.[28] Verna etter Plan- og bygningsloven.[38]
29 Professor Dahls gate 29 Fridheim, sveitservilla oppført i 1870-åra for Thorvald O. Boeck. Boeck-familien budde sjølv i første etasje og leigde elles ut. Blant leiebuarane her har vore arkeologen Ingvald Undset og arkitekten Lars Backer. Hovudhuset er omregulert til Industrigata 19, og på tomta ned mot Professor Dahls gate står fleire trebygningar av varierande alder. Husar Fridheim barnehage etter ominnreiing i 1992.[13][36][39][40] Verna etter Plan- og bygningsloven.[41]
30 Professor Dahls gate 30 Berles skole (ark. Halfdan Berle), oppført 1897. Varierande bruk gjennom åra. Har frå 1994 husa Rudolf Steinerhøyskolen mm.[13][42][43] Verna etter Plan- og bygningsloven.[44]
30B Professor Dahls gate 30B Hamna barnehage[45] held til i ein bygning innanfor nr. 30 som blei teikna av Helge Thams og Per Gaare og oppført i 1978.[46] Verna etter Plan- og bygningsloven.[47]
31 Professor Dahls gate 31 Panelt tømmerhus i to etasjar oppført ca. 1868, muligens som tomannsbustad. Ombygga og innreia som einebustad 1896 ved Hjalmar Welhaven for Emil Roll. Ominnreia til tomannsbustad i 1930 ved Arne Korsmo og Sverre Aasland. Restaurert i 1994.[13][48] Verna etter Plan- og bygningsloven.[49]
31B–H Professor Dahls gate 31B–H Buet boligblokk (ark. Frithjof Reppen) oppført 1931. Strekker seg bort til Fearnleys gate. Funksjonalisme.[13] Verna etter Plan- og bygningsloven.[50]
32 Professor Dahls gate 32 Murvilla (ark. Hans Olsen) oppført 1896–98 for Christian Langaard på løkka Rolighed (Langgaardsløkken).[13][51] På samme eiendom står et hus i hjørnet ved Briskebyveien, og sør for dette er kjeglebanehuset i Briskebyveien 21. Verna etter Plan- og bygningsloven.[52]
33A–E Professor Dahls gate 33A–E Boga bustadblokk (ark. Frithjof Reppen) oppført i 1931. Strekker seg bort til Fearnleys gate. Funksjonalisme.[53][13] Verna etter Plan- og bygningsloven.[50]
35 Professor Dahls gate 35 Bygard (ark. Halfdan Berle) oppført 1900–04.[54] Fire etasjar og høg sokkeletasje, blanding av pussa og upussa flater i fasaden. Listeført.
36 Professor Dahls gate 36 Hus i to etasjar oppført for Frognerjordet skole i 1859. Skulebygningen blei utvida nokre år etterpå for så å bli avløyst av Uranienborg skole. Frå 1872 Hegdehaugen Børneasyl (barnehage). Kommunal barnehage frå 1952.[55] Har heitt Hegdehaugen barnehage sidan 1986.[56] Listeført.[57]
37 Professor Dahls gate 37 Halvannan etasjes sveitservilla oppført 1878 for Mathias Johannessen og Hans Nilsen. Markant midtparti med veranda i to etasjar. Står på grunnen til den ikke-fullførte Frits Thaulows gate og var trug av riving. Påbygga i noko avvikande stil av arkitektkontoret Telje-Torp-Aasen i 1984. Elles svært lik nr. 27.[36][58] Listeført.[59]
39 Professor Dahls gate 39 Bygard (ark. Olvar Ibsen) oppført i 1948.[60][61]
42 Professor Dahls gate 42 Murvilla (ark. Th. Bjørnstad) oppført i 1926.[13] Vernet etter Plan- og bygningsloven.[62]
43 Professor Dahls gate 43 Leigegard (ark. Olaf Boye) oppført i 1896. Fire etasjar i pussa tegl. Nyrenessanse. Tidlegare bebuarar her er mellom anna Aksel Arstal, forfattaren av første utgåve av Oslo byleksikon.[13][63] Listeført.[64]
44A Professor Dahls gate 44A Sognshøi eller Sognshaug i nr. 44 var ein løkkeeiendom som blei selt frå Sognsløkken i 1846 til A.W. Müller. Frå 1856 tilhøyrde eigedommen Louise Muus og blei kalla Muus(e)løkken. Hovudhuset ligg på eit lite høgdedrag og har adresse 44A. Det finst motstridande påstandar om byggeår, men huset skal ha vore enkelt i byrjinga og fått meir sveitserpreg etterhvert. Dette er så dempa ved seinare endringar. Det som står att av løkkeeiendommen blir i dag brukt av Frogner barnehage.[65][66][67] Verna etter Plan- og bygningsloven.[68]
44B Professor Dahls gate 44B Stall på Sognshøi. Brukt som atelier av Henrik Sørensen i 1930-årea. Inngår no i bygningsmassen til Frogner barnehage.[66][67][68]
45 Professor Dahls gate 45

Bygard (ark. Eduard Carlén) oppført i 1898.[69] Listeført.[70]

46A Professor Dahls gate 46A Villa teikna av og oppført for Trond Eliassen i 1956.[13] Verna etter Plan- og bygningsloven.[71]
46B Professor Dahls gate 46B Villa (ark. Bjercke og Eliassen) oppført i 1920 som privatbustad for Georg Eliassen. Tildelt Sundts premie same år.[13] Verna etter Plan- og bygningsloven.[71]
47 Professor Dahls gate 47 Bustadblokk (ark. H. Mollø-Christensen) oppført 1970.[69]
48 Professor Dahls gate 48 På eit høgdedrag litt innanfor gata stod tidlegare ein trevilla. Dagens bustadblokk er teikna av Bakstad & Hovind og oppført i 1984.[72] Upussa raud tegl i fasaden.
50 Professor Dahls gate 50 Bustadblokk oppført 1990.[73] Gul tegl i fasaden.
51 Professor Dahls gate 51 Bustadblokk (ark. Peter Daniel Hofflund) med tre etasjar, kjellar og loft oppført i 1936.[53] Listeført.[74]
52 Professor Dahls gate 52 Bustadblokk (ark. Gunnar Schultz) oppført i 1935. Tre etasjer og loft.[75] Listeført.[76]
53 Professor Dahls gate 53 Bustadblokk (ark. Peter Daniel Hofflund) med tre etasjar, kjellar og loft oppført 1936.[53] Listeført.[77]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Sameiet Professor Dahls gate 1
  2. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  3. Geir Tandberg Steigan: Bogstadveien 2 (Arkitekturhistorie.no)
  4. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  5. Geir Tandberg Steigan: Professor Dahls gate 5 (Arkitekturhistorie.no)
  6. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  7. Geir Tandberg Steigan: Colletts gate 9 (Arkitekturhistorie.no)
  8. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  9. Den norske studentersangforening
  10. Norsk ballettinstitutt
  11. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  12. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  13. 13,00 13,01 13,02 13,03 13,04 13,05 13,06 13,07 13,08 13,09 13,10 13,11 13,12 13,13 Knut Are Tvedt, red. (2010). «Professor Dahls gate». Oslo byleksikon (5. utg.). Kunnskapsforlaget. s. 456. ISBN 978-82-573-1760-7. 
  14. Oslo gårdkalender, s. 255.
  15. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  16. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  17. «Prof. Dahls gt. 17 – Historie». Arkivert frå originalen 7. november 2017. Henta 31. oktober 2017. 
  18. Nr. 7 i Det antroposofiske kvartal bak Slottet
  19. 19,0 19,1 19,2 Kart fra 1940 hos Byarkivet i Oslo kommune.
  20. 20,0 20,1 20,2 Olsen (2017), s. 213.
  21. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  22. Geir Tandberg Steigan: Professor Dahls gate 21b (Arkitekturhistorie.no)
  23. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  24. Olsen (2017), s. 214.
  25. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  26. Stephan Tschudi-Madsen (1983). Henrik Bull. Universitetsforlaget. s. 81. ISBN 82-00-06270-8. 
  27. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  28. 28,0 28,1 Oslo gårdkalender, s. 256.
  29. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  30. Njål Moe (1981). Kavalkade med bilder fra en gammel bydel. Bydelsutvalg 2 Homansbyen — Uranienborg — Majorstuen. s. 10. 
  31. 31,0 31,1 Olsen (2017), s. 215.
  32. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  33. Geir Tandberg Steigan: Hamna, Professor Dahls gate 26 (Arkitekturhistorie.no)
  34. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  35. Geir Tandberg Steigan: Fjeldhøi, Professor Dahls gate 27 (Arkitekturhistorie.no)
  36. 36,0 36,1 36,2 Bruun, Ole Daniel (2008). «645: Villaer på Hegdehaugen». Arkitektur i Oslo. Kunnskapsforlaget. s. 136–137. ISBN 978-82-573-1945-8. 
  37. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  38. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  39. Geir Tandberg Steigan: Fridheim, Professor Dahls gate 29 (Arkitekturhistorie.no)
  40. Fridheim barnehage
  41. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  42. Geir Tandberg Steigan: Berle skole, Professor Dahls gate 30 (Arkitekturhistorie.no)
  43. Nr. 9 i Det antroposofiske kvartal bak Slottet
  44. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  45. Oslo kommune om Hamna barnehage
  46. Olsen (2017), s. 218.
  47. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  48. Geir Tandberg Steigan: Professor Dahls gate 31 (Arkitekturhistorie.no)
  49. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  50. 50,0 50,1 Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  51. Geir Tandberg Steigan: Rolighed, Professor Dahls gate 32 (Arkitekturhistorie.no)
  52. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  53. 53,0 53,1 53,2 Oslo gårdkalender, s. 257.
  54. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  55. Mørch (2009), s. 111.
  56. Oslo kommune om Hegdehaugen barnehage
  57. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  58. Geir Tandberg Steigan: Professor Dahls gate 37 (Arkitekturhistorie.no)
  59. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  60. Oslo gårdkalender, s. B62.
  61. Olsen (2017), s. 222.
  62. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  63. Geir Tandberg Steigan: Arkitektur og historie i Oslo: Arkitekt Olaf Boye på Majorstuen (Arkitekturhistorie.no)
  64. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  65. Geir Tandberg Steigan: Sognshøi, Professor Dahls gate 44b (Arkitekturhistorie.no)
  66. 66,0 66,1 Knut Are Tvedt, red. (2010). «Sognshaug». Oslo byleksikon (5. utg.). Kunnskapsforlaget. s. 523. ISBN 978-82-573-1760-7. 
  67. 67,0 67,1 Oslo kommune om Frogner barnehage
  68. 68,0 68,1 Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  69. 69,0 69,1 Olsen (2017), s. 223.
  70. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  71. 71,0 71,1 Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  72. Olsen (2017), s. 224.
  73. Olsen (2017), s. 225.
  74. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  75. Oslo gårdkalender, s. 258.
  76. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  77. Professor Dahls gate i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]