Professor Layton and Pandora's Box

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Professor Layton and Pandora's Box
Utviklar(ar) Level-5
Utgjevar(ar) Nintendo
Level-5 (Japan)
Serie Professor Layton
Plattform(er) Nintendo DS
Utgjeve JP: 29. november 2007
NA: 24. august 2009
EU: 25. september 2009
Sjanger Hjernetrim, eventyr
Spelemodus Einspelar

Professor Layton and Pandora's Box, kjent i Nord-Amerika som Professor Layton and the Diabolical Box, er eit hjernetrim-eventyrspel utvikla av Level-5. Det var utgjeve av Level-5 i Japan i 2007 og av Nintendo internasjonalt i 2009. Pandora's Box er den andre tittelen i Professor Layton-serien, og er etterfølgt av Professor Layton and the Lost Future.

Spelet handlar om Professor Hershel Layton og den sjølvutnemnde lærlingen hans, Luke Triton. Dei reiser omkring med tog for å løyse mysteriet bak ei øskje som seiest å ta livet av alle som opnar ho. Spelaren styrer duoen gjennom fleire ulike stader, til skilnad frå det førre spelet som var avgrensa til byen St. Mystere. I tillegg til å løyse oppgåver som involverer tanken, må spelaren utforske område, løyse mysterium og hjelpe professoren i søkinga.[1]

Spelet har fått generelt god kritikk[2], og har selt over 2,43 millionar kopiar internasjonalt.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]