Profeten Elia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Profeten Elias)
Profeten Elia

Elia fer til himmels i ei eldvogn (ikon frå 1400-talet)
FøddTishbe
DødJeriko
Tittelprofet
Opptrer iKoranen, Første kongebok, Andre kongebok, Malakis bok, Siraks bok, Enoks bok, Evangeliet etter Lukas, Evangeliet etter Matteus, Paulus’ brev til romarane, Jakobs brev, Johannes' openberring, Elia-apokalypsen
Identifisert medIljas
LandKongedømmet Israel

Profeten Elia, tidlegare skrive Elias, var ein sentral profet i Nordriket i Israel medan Akab var konge, på 800-talet fvt. Han gjekk til åtak på dyrkinga av den kanaaneiske guden Ba'al som vart praktisert ved hoffet, og gav støyt til ei ny utvikling av den israelske gudsdyrkinga.

Tradisjonen som er knytt til profeten Elia, overdriv truleg den historiske rolla hans, ved at hendingar som mest truleg har skjedd etter Elia si levetid, er blitt knytt til profeten sjølv. Blant desse hendingane er drapet på Ba'al-profetane på Karmel, omtalt i Fyrste kongebok[1] og historia om enkja i Sarepta[2] som meir sannsynleg kan knytast til etterfølgjaren hans, Elisja.

Tradisjonen framstiller Elia som ein ny Moses, og det er mange parallellar i tekstane om Moses og Elia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • J.R: Porter: Illustrert nøkkel til Bibelen, Grøndahl Dreyer 1996/2005 ISBN 82-504-2321-6