Projeksjonsteikning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Projeksjonsteikning er ein del av den deskriptive geometrien der eit objekt vert avbilda i eit plan ved hjelp av projeksjonsstråler. I rettvinkla (ortogonal) projeksjon er alle projeksjonsstrålene parallelle og vinkelrette på planet. Det er denne projeksjonsforma ein nyttar i elementær projeksjonsteikning. På teiknearket avbildar ein objektet ved rettvinkla projeksjon i to tenkte plan: eitt som ligg horisontalt, kalla horisontalplanet, og eitt som står vertikalt, kalla vertikalplanet. Skiljelinja mellom dei to planane på teiknearket vert kalla grunnlinja. Biletet av objektet i horisontalplanet vert omtalt som horisontalprojeksjonen (grunnrisset) og i vertikalplanet vertikalprojeksjonen (opprisset).

Ofte nyttar ein eit tredje plan, profilplanet, som står vinkelrett på til dømes horisontalplanet og samstundes er plassert slik at projeksjonen av objektet i dette planet, profilprojeksjonen eller profilrisset, viser utfyllande detaljar til horisontalprojeksjonen og vertikalprojeksjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]