Prologue av Renaissance

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prologue av Renaissance
Studio av Renaissance
Utgjeve 1972
Innspelt Juni og juli 1972
Studio Nova Sound Studios i London
Sjanger Progressiv rock
Lengd 41:29
Selskap Sovereign (Storbritannia)
Sovereign/Capitol (Nord-Amerika)
Sovereign/Harvest (Tyskland)
Regal Zonophone (Italy)
EMI (Japan)
Produsent Miles Copeland and Renaissance
Renaissance-kronologi 
Illusion
(1971)
Prologue av Renaissance Ashes Are Burning
(1973)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]

Prologue er det tredje studioalbumet av det engelske progressive rockebandet Renaissance, gjeve ut i 1972.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

I 1972 vart den dåverande besetninga av Renaissance oppløyst, og heldt berre att den tidlegare The Gentle People-songaren Annie Haslam og den tidlegare klaverspelaren i Rupert's People, John Tout, for å byggje eit nytt band kring. Dei nye bandmedlemmane som kom inn var bassisten Jon Camp, trommeslagaren Terence Sullivan og gitaristen Mick Parsons. Kort tid etter, omkom Parsons i ei bilulukke. Gitaristen Rob Hendry vart henta inn i siste augneblink for å erstatte han for innspelinga i juni og juli 1972 og slutta i bandet så snart albumet var ferdig innspelt.[2]

Fordi Prologue var ein ny start for bandet, med ei besetning som ikkje inneheldt nokre av dei originale medlemmane, vart det ofte omtalt som det «første» albumet deira (til dømes på albumet Live at Carnegie Hall).

Sjølv om alle songane er originale Renaissance-songar, var dei ikkje alle skrivne av dei dåverande medlemmane, men av det tidlegare medlemmet Jim McCarty (frå den første besetninga) og Michael Dunford (tidlegare Nashville Teens, og ei tidlegare besetning av Renaissance), i lag med tekstforfattaren Betty Thatcher. Dunford vart ein del av bandet att då Hendry slutta, men var ikkje eit offisielt bandmedlem under innspelinga av det neste albumet, Ashes Are Burning i 1973.

Nyutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

I 1978 vart Prologue gjeve ut på nytt, i lag med det neste albumet, Ashes Are Burning, som eit dobbeltalbum kalla In the Beginning (Capitol Records, USA). Den originale dobbelplata inneheld heile Prologue, men ein song frå Ashes var korta ned. CD-utgåva av In the Beginning frå 1988 (på ei plate) har redigerte versjonar av «Rajah Khan» og to songar frå Ashes Are Burning.[3] Prologue vart gjeve ut på CD i den originale forma si på Repertoire Records i 1995.

I 2018 gav Esoteric Recordings ut ei ommastra og utvida utgåve av albumet.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Prologue»Michael Dunford5:39
2.«Kiev»Jim McCarty, Betty Thatcher7:38
3.«Sounds of the Sea»Dunford, Thatcher7:07
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
4.«Spare Some Love»Dunford, Thatcher5:11
5.«Bound for Infinity»McCarty, Thatcher4:23
6.«Rajah Khan»Dunford11:31
Bonusspor på 2018-utgåva
Nr.TittelLengd
7.«Spare Some Love» (Single Version - ikkje før utgjeven on CD) 

Introduksjonen til tittelsporet er lånt frå byrjinga av Frédéric Chopin sin Revolusjonsetude.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå plateomslaget.[4]

  • Annie Haslam - solovokal (alle utanom spor 2), korvokal, perkusjon
  • Rob Hendry - elektrisk og akustisk gitarar, mandolin, klokkespel, korvokal
  • John Tout - akustisk og elektrisk klaverinstrument, korvokal, arrangement
  • Jon Camp (oppført som «John Camp») - elektrisk bassgitar, solovokal (spor 2), korvokal, tampoura, arrangement (ikkje oppført)
  • Terence Sullivan - trommer, perkusjon

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce. «Renaissance - Prologue review». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 7. april 2020. 
  2. The History Of Renaissance
  3. Renaissance Diskografi
  4. (1972). «Prologue liner notes». In Prologue [Album cover]. Harvest.