Promised Land av Chuck Berry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Promised Land
Song av Chuck Berry
frå albumet St. Louis to Liverpool
Utgjeve 1964
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:24
Selskap Chess Records
Låtskrivar(ar) Chuck Berry
Produsent Leonard Chess, Philip Chess

«Promised Land» er ein songtekst skriven av Chuck Berry til melodien til «Wabash Cannonball», ei USA-amerikansk folkevise. Songen vart først spelt inn av Chuck Berry i denne versjonen i 1964 for albumet hans St. Louis to Liverpool. Songen kom ut i desember 1964 og var den første singelen Berry gav ut etter at han hadde sete i fengsel for ein Mann Act-dom.

I teksten omtalar songaren seg sjølv som «the poor boy» og fortel om reisa si frå Norfolk i Virginia til «Det lova landet», Los Angeles, og nemner forskjellige byar i det søraustlege USA som han reiser gjennom. Songen har sidan blitt spelt inn av mange andre artistar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Berry skreiv songen medan han framleis var i fengsel, og lånte eit atlas frå fengselsbiblioteket for å skildre ruta. Han skilra seg sjølv som ein «fattig gut» og går ombord på ein Greyhound-buss i Norfolk i Virginia. Bussen køyrer gjennom Raleigh i Nord-Carolina, stoppar i Charlotte i Nord-Carolina, forbi Rock Hill i Sør-Carolina. Bussen køyrer ut av Atlanta, men får motorhavavri og han vert stranda i sentrum av Birmingham i Alabama. Han tar så eit tog «over Mississippi» til New Orleans. Frå der dreg han til Houston, der han kjøper ein silkedress, bagagsje og ein flybillett til Los Angeles. Då han landar i Los Angeles, ringjer han attende til Norfolk for å fortelje at han har nådd «Det lova landet».

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange versjonar av songen:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The SetList Program - Grateful Dead Setlists, Listener Experiences, and Statistics». Setlists.net. Henta 24. juni 2017. [daud lenkje]
  2. «Grateful Dead Family Diskografi - The Promised Land». deaddisc.com. Henta 24. juni 2017. 
  3. 2nd to None. Elvis Presley. Columbia Records. 2003. 
  4. «Covered Berries». Official Chuck Berry Website. Arkivert frå originalen 19. mars 2013. Henta 3 May 2010. 
  5. «Harry Dean Stanton: Partly Fiction on LP». musicdirect.com. Arkivert frå originalen 31. desember 2014. Henta 1 September 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]