Prosecco
Utsjånad
Prosecco er ein italiensk musserande vin som vanlegvis vert laga på drua glera,[1] som tidlegare var kjend under namnet prosecco.
Verna tittel
[endre | endre wikiteksten]Til og med 2008 hadde årgangsprosecco einerett på DOC-merkinga i Italia, men frå 2009 vart dette endra til DOCG.[2] Frå 1. januar 2010 var ikkje nemninga lenger knytt til druetypen, men til ein geografisk indikasjon for produkt frå regionen Veneto stadfesta av EU-regulativ 1166/2009 av 30. november 2009.[3][4][5]
I dag er det mogeleg å selja vinen sin som Prosecco i fleire nærliggande regionar i nordaust Italia.[6]
Spumante er ein annan musserande italiensk vin frå Piemonte-området.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Prosecco DOP in "Dizionario dei prodotti DOP e IGP"», www.treccani.it (på italiensk), henta 9. februar 2023
- ↑ «The story | Consorzio Tutela Prosecco DOC», www.prosecco.wine, henta 9. februar 2023
- ↑ Odland, Marius (22. mai 2015), «Prosecco på sitt beste», Nettavisen (på norsk), henta 9. februar 2023
- ↑ «EUR-Lex - 32009R1166 - EN - EUR-Lex» (på engelsk). Henta 17. august 2019.
- ↑ «Prosecco - moderne og tradisjonell», vinmonopolet.no (på norsk), henta 9. februar 2023
- ↑ «Prosecco DOP :: Qualigeo», Qualigeo :: Banca dati europea dei prodotti DOP IGP STG (på italiensk), henta 9. februar 2023
- Denne artikkelen bygger på «Prosecco» frå Wikipedia på bokmål, den 9. februar 2023.