Prosentpoeng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Prosentpoeng eller prosenteining vert brukt om den absolutte endringa mellom to prosentverdiar. Til dømes er ei endring frå 16 prosent til 20 prosent ein auke på 4 prosentpoeng. Samtidig er det ein relativ auke på 25 prosent, sidan 4 er 25 prosent av 16.

Prosentpoeng er delte inn i basispunkt eller basispoeng, der 100 basispunkt er 1 prosentpoeng.[1]

I samband med meiningsmålingar blir dette somme tider omtalt feil. Det vert til dømes sagt at oppslutnaden til eit parti går opp med fem prosent når det eigentleg er snakk om fem prosentpoeng.

Men liknande feil vert òg gjort under framstillinga av mange andre målingar som er gjevne i prosent, som til dømes vekst, avkastning eller medisinske mål som ejeksjonsfraksjon. Blant anna vil standardavviket til ei slik måling vere gjeven i prosentpoeng, men likevel feilaktig omtala som prosent. Dette kan føre til forvirring sidan standardavvik òg kan målast i prosent av estimatet, såkalla relativt standardavvik.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Samfunnsspeilet 2009/3 (Statistisk sentralbyrå): «Praktiske prosenter: Andeler og endringer»