Prosessuell arkeologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Omkring 1960 gjorde ein ny retning seg gjeldande innan arkeologien, i fyrste omgang i USA. Denne la meir vekt på bruk av antropologi og naturvitskaplege metodar, og vart kalla prosessuell arkeologi (Olsen 1997:44-46). I den prosessuelle arkeologien var det eit mål å produsere objektiv, testbar og verdifri kunnskap, og reiskapen som skulle bli bruka for å oppnå dette fann ein i den logiske positivismen. I følgje den logiske positivismen er det berre sansedata, altså data som me kan observere og måle, som kan brukast til vitskaplege studie (Olsen 1997:47).

Ulikskapar i det arkeologiske materialet skyldtes mennesketilpassingar til ulike økonomiske og økologiske forhold (Olsen 1997:48-49). Funksjonalisme er eit anna stikkord for prosessualismen, i følgje den prosessuelle arkeologien sitt funksjonalistiske syn har meir eller mindre alle sider ved samfunnet ein praktisk funksjon. Antropologen Malinowski har gjennom si forsking vist at ulike samfunn sine skikkar og ritual har praktiske årsaker, sjølv om utøvarane ikkje sjølv er medvitne om desse (Olsen 1997:134-135). Dette var eit syn prosessuelle arkeologar meinte å kunne bruke på fortidige samfunn også.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Olsen, B. 1997. Fra ting til tekst Teoretiske perspektiv i arkeologisk forskning. Oslo