Prosopis cineraria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prosopis cineraria
Prosopis cineraria
Prosopis cineraria
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Erteblomordenen Fabales
Familie: Erteblomfamilien Fabaceae
Underfamilie: Mimosafamilien Mimosoideae
Stamme: Mimoseae
Slekt: Prosopis
Art: P. cineraria
Vitskapleg namn
Prosopis cineraria

Prosopis cineraria er eit treslag i erteblomfamilien. Det kjem frå tørre område i Vest-Asia og Det indiske subkontinentet, som Afghanistan, Bahrain, Iran, India, Oman, Pakistan, Saudi-Arabia, Dei sameinte arabiske emirata og Jemen. Det kan overleva hard tørke. Det er blitt etablert som ein innført art i delar av Søraust-Asia, som Indonesia.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Grein av Prosopis cineraria.
Blomar
Belgar

P. cineraria er eit lite tre som blir 3–5 meter (9,8–16,4 ft) høgt. Blada er dobbeltfinna, med sju til fjorten småblad på kvar av dei to til tre hovudfinnane. Greinen har tornar mellom bladstilkane. Blomane er små og kremgule. Dei blir ettefølgde av frø i belgar. Treet kan veksa i ekstremt tørre tilhøve, med så lite nedbør som 15 centimeter (5,9 in) årleg, men det er eit teikn på at det finst ein djup grunnvasspegel i området. Som med andre artar i slekta Prosopis har P. cineraria toleranse for svært alkaliske og salthaldige miljø.[2]

Kulturell tyding[endre | endre wikiteksten]

Treet er kjent som ‘ghaf på arabisk. Det er nasjonaltreet til Dei sameinte arabiske emirata.

Prosopis cineraria er også delstatstre for Rajasthan og Telangana i India. Treet har mange ulike namn i ulike delar av Nord- og Vest-India, som shami i Maharashtra og Uttar Pradesh, jammi i Telangana og Andhra Pradesh, khijro i Gujarat, khejri i Rajasthan, janti i Haryana og jand i Panjab. [3]

Livsens tre i Bahrain

Eit stort, kjent eksemplar av arten i Bahrain blir kalla Livsens tre. Det er rundt 400 år gammalt, og veks i ein ørken utan nokre synlege vasskjelder.

Vern[endre | endre wikiteksten]

I 1730 fann det stad ein valdsam konfrontasjonen i landsbyen Khejarli nær Jodhpur i Rajasthan kring skjebnen til denne tretypen. Amrita Devi og dei tre unge døtrene hennar gav liva sine i eit forsøk på å verna nokre khejri-tre som maharaja Abhay Singh hadde gjeve ordre om å hogga for å gje plass til det nye slottet hans. Dette førte til eit stort opprør der 363 menneske blei drepne medan dei prøvde å verna trea. På 1970-talet førte minnet om dette offeret til byrjinga av Chipko-rørsla. [4]

Dei sameinte arabiske emirata har ein kampanje kalla Give a Ghaf campaign der innbyggjarar blir oppmuntra til å planta treet i hagane sine for å kjempa mot ørkenspreiing og ta vare på kulturen til landet.[5] Ørkenlandsbyen Nazwa huser Al Ghaf Conservation Reserve.[6]

Religiøs tyding[endre | endre wikiteksten]

Tempeltre i Kodumudi Magudeswarar tempel i Tamil Nadu.

Treet har ei viktig tyding blant hinduar. Det er tett knytt til eldguden Agni, som ifølgje ei soge gøymde seg i det då dei andre gudane leita etter han. Treslaget blir rekna som ein god vedkjelde til rituelle bål.[7]

Det blir tilbede under høgtida dusshera, der det har ei viktig rolle den tiande dagen.[8] Historisk pleide ranaer blant radjputar, som både var øvsteprestar og kongar, å leia seremoniane og så sleppa fri ein fugl som var heilag til guden Visjnu (Rama).[9]:29–30[10] I Deccan pleide marathaene på den tiande dagen av dusshera å skyta piler inn i krona til treet og samla lauv som fall ned i turbanane sine.[9]:36–37[10]

Bruk til mat og medisin[endre | endre wikiteksten]

Ein kan bruka umogne eller tørka belgar til mat i fleire ulike rettar og pikkels. Knoppar, blomar og bork kan òg etast, sistnemnde typisk i borkebrød.[11] Blada er også blitt brukte som urtemedisin mot ei rekkje plager.[12] I Thar-ørkenen blir belgane av treet, kalla singhri eller sangri, brukt til å laga ulike variantar av rettane bhaaji og kadhi.[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Prosopis cineraria (L.) Druce». Catalogue of Life. Integrated Taxonomic Information System and Species2000. 15. mars 2012. Arkivert frå originalen 17. april 2021. Henta 21. mars 2012. 
  2. «Prosopis cineraria (L.) Druce». Tropical Forages. Centre for International Agriculture Research and Food and Agriculture Agency. 2005. Henta 21. mars 2012. 
  3. «What's common to jinka, paalapitta, jammi chettu and thangedu puvvu?». The Hindu (på engelsk). Henta 20. oktober 2018. 
  4. «Khejri, the tree that inspired Chipko movement, is dying a slow death». 4 December 2016. 
  5. Philp, Myra (17. juni 2013). «UAE groups help to save ghaf trees on UN 'Combat Desertification Day'». 7DAYS in Dubai (Al Sidra Media). Arkivert frå originalen 12. oktober 2013. Henta 21. mars 2018. 
  6. «Six natural reserves declared in Dubai». The National (på engelsk). Henta 9. september 2018. 
  7. Gupta, Shakti M. (1971), Plant Myths and Traditions in India (på engelsk), Brill Archive, henta 20. januar 2022 
  8. Edwards, S.M. (March 1922). «Tree-worship in India». Empire Forestry Journal 1 (1): 78–86. JSTOR 42594479. 
  9. 9,0 9,1 Crooke, W. (1915). «The Dasahra: An Autumn festival of Hindus». Folklore 26 (1): 28–59. doi:10.1080/0015587X.1915.9719701. 
  10. 10,0 10,1 Gandhi, Maneka; Singh, Yasmeen (1989). Brahma's hair – Mythology of Indian plants. New Delhi: Rupa & Co. s. 29–32. ISBN 978-81-7167-005-5. 
  11. Prosopis cineraria | Purdue University Famine Foods (på engelsk), henta 24. januar 2022 
  12. Liu, Yunbao; Singh, Dhurendra; Nair, Muraleedharan G. (1. januar 2012). «Pods of Khejri (Prosopis cineraria) consumed as a vegetable showed functional food properties». Journal of Functional Foods (på engelsk) 4 (1): 116–121. ISSN 1756-4646. doi:10.1016/j.jff.2011.08.006. 
  13. Khaskheli, Jan. «Bountiful desert». www.thenews.com.pk (på engelsk). Henta 20. september 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Prosopis cineraria