Prosotsáni
Utsjånad
| Prosotsáni Lokalt namn Προσοτσάνη | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Makedonía |
| Koordinatar | 41°11′N 23°58′E / 41.183°N 23.967°E |
| Areal | 482,4 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining | Aust-Makedonía og Thráki Dráma |
| Hovudsete | Prosotsáni (3 169 innb.) |
| Demografi | |
| Folketal | 10 739 (2021[1]) |
| Folketettleik | 22,3 /km² |
Prosotsáni (gresk Προσοτσάνη) er ein distriktsby og ein kommune i periferieininga Dráma i periferien Aust-Makedonía og Thráki i Hellas.
Prosotsáni kommune ligg sørvest for Dráma og grensar i vest til Sérres.
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]
Frå 2011 omfattar kommunen òg den tidlegare kommunen Sitagrí. Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 10 739 innbyggjarar, medan kommunaleininga Prosotsáni hadde 7 499 og tettstaden med same namn 3 169 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader
[endre | endre wikiteksten]Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
| Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
|---|---|---|---|
| Prosotsáni | Prosotsáni | 3 553 | 3 169 |
| Petroússa | Prosotsáni | 1 704 | 1 523 |
| Fotolívos | Sitagrí | 1 484 | 1 260 |
| Mikrópoli | Prosotsáni | 845 | 618 |
| Kalí Vrýsi | Prosotsáni | 705 | 555 |
| Arjyroúpoli | Sitagrí | 661 | 551 |
| Sitagrí | Sitagrí | 702 | 535 |
| Kokkinója | Prosotsáni | 533 | 435 |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert