Prostitusjon i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Prostitusjon i Bergen har lange tradisjonar attende til mellomalderen. I ein handels- og sjøfartsby som Bergen var det mange folk innom som ville nytta seg av eit mangfaldig uteliv. Bergen var fram til godt ut på 1800-talet den største byen i Noreg, med mykje handelsverksemd mellom anna med Nord-Noreg. Ein uoffisiell del av utelivet er prostitusjon, eller sal av seksuelle tenester. For mange kvinner har slikt sal gjeve meir inntekter enn meir offisielle yrke. HanseataneBryggen i Bergen hadde ikkje lov til å stifta familie medan dei var i teneste. I Øvregaten, bak Bryggen, hadde dei tyske hanseatane sine norske kvinner. Huset Steinkjelleren vart i 1455 omtala både som vertshus og som bordell. I 1556, det første året Christoffer Valkendorf var slottsherre på Bergenhus festning, «lodt hanndt nederbryde mannge af de Horrehuus som stode paa Offuergaden».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]