Proteasom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strukturen til eit proteasom. Kjernepartikkelen i blått og to regulerande partiklar i raudt.

Proteasom er sterkte konserverte proteolytiske kompleks av fleire undereiningar. Dei finst i cytosol og i sellekjernen til eukaryote seller, og er her det viktigaste proteolytiske maskineriet. Dei fleste protein som skal brytast ned av proteasom er kovalent merkte med det vesle proteinet ubikvitin. Proteasom i noko enklare form er òg kjende frå arkar og nokre bakteriar (mellom anna frå Actinomycetales og Nitrospirales).[1][2][3]

Alle eukaryote proteasom har ein kjernepartikkel med ein sedimentasjonskonstant på 20S, der dei proteolytiske seta sit. Elles ymsar proteasoma i talet på tilknytte regulerande partiklar og andre protein. Bakteriar og arkar har ofte kjernepartiklar som er sette saman på eit anna vis enn det eukaryote kjernepartiklar er. I eukaryote seller ser 26S-utgåva av proteasomet ut til å vera den vanlegaste forma av proteasom. 26S-utgåva er sett saman av éin kjernepartikkel og to 19S regulerande partiklar.[1][2][3]

Regulerande partiklar har ulike roller, dei kan aktivera kjernepartikkelen og kjenna att og handsama ubikvitinerte protein. Det finst fleire typar regulerande partiklar, og den ein kjenner best er 19S-partikkelen. 19S-partikkelen verkar vera unik for eukaryotar og er sterkt konservert hjå dei. [1][2][3]

Ikkje alle protein brotne ned av proteasom vert ubikvitinerte, og ornitindekarboksylase er det dømet på dette som ein skjøner best.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Enenkel, Cordula (2014). «Proteasome dynamics». Biochimica et Biophysica Acta (Bba) - Molecular Cell Research 1843: 39–46. doi:10.1016/j.bbamcr.2013.03.023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Inobe, Tomonao; Matouschek, Andreas (2014). «Paradigms of protein degradation by the proteasome». Current Opinion in Structural Biology 24: 156–164. doi:10.1016/j.sbi.2014.02.002. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Budenholzer, Lauren; Cheng, Chin Leng; Li, Yanjie; Hochstrasser, Mark (2017). «Proteasome Structure and Assembly». Journal of Molecular Biology 429 (22): 3500–3524. PMID 28583440. doi:10.1016/j.jmb.2017.05.027. 
Spire Denne biokjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.