Proteom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Proteomet)

Proteomet er den totale mengda av protein som vert uttrykt i eit biologisk system eller avgrensa delar av dette, som ein organisme, ei selle, eit virus eller eit vev. Omgrepet femnar òg om posttranslasjonelle modifikasjonar, der proteinet er endra etter omsetjing frå bodberar-RNA. Proteom varierer med ulike faktorar, som miljø, selletype og vevstype. Forsking på proteom er kalla proteomikk.

Ordet proteom vart funne opp av Marc Wilkins i 1994.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«proteom» av Erik Dissen i Store medisinske leksikon, snl.no. Henta 22. juli 2017.

  1. Wilkins, Marc (2014). «Proteomics data mining». Expert Review of Proteomics 6 (6): 599–603. PMID 19929606. doi:10.1586/epr.09.81. 
Spire Denne biokjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.