Protestantisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Protestantismen)
Lutherbibelen frå 1534. Skrifttrua er særs viktig i protestantismen.

Protestantisme er nemninga på den forma for kristendommen som voks fram i tida kring reformasjonen på 1500-talet.[1] Det finst mange under-retningar av protestantisk kristendom med tildels store skilnader. Av desse kan nemnast evangelisk-luthersk kristendom, reformert kristendom, metodisme, baptisme, anabaptisme, presbyteriansk kristendom og sjuandedagsadventisme.

Nemninga «protestantisk» stammar frå riksdagen i Speyer som fann stad i 1529. Tilhengjarane av reformasjonen til Martin Luther protesterte mot eit forbod mot vidare utbreiing av rørsla. Protestantane sjølv brukte gjerne neminga «evangelisk» om seg sjølve, med vekt på evangeliet med bodskapen om syndsforlating og rettferdiggjering ved tru åleine.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Elstad, Hallgeir; Allkunne (31. mai 2021). «protestantisme». Store norske leksikon (på norsk). 
Spire Denne kristendomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.