Protonpolarlys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Protonnordlys er ei nemning for svakt polarlys som kjem frå hydrogenatom. Det vart først oppdaga av den norske fysikaren Lars Vegard og kjem frå proton i primærpartiklene og ikkje frå atmosfæreatom som eksiterer.

Når protona kolliderer med nøytrale molekyl i atmosfæren, vil dei kunne oppta eit elektron slik at det blir danna eit nytt ion og eit eksitert hydrogenatom. Desse hydrogenatoma sender så ut ljos når dei går ned til grunntilstanden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]