Providenija

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Providenija
Провидения
Horisonten til
Plassering
Providenija is located in Russland
Providenija is located in Tsjukotka
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Tsjukotka
Grunnlagd
Bystatus
1946
1957
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2018)

2 151
Koordinatar 64°25′43″N 173°13′02″EKoordinatar: 64°25′43″N 173°13′02″E
Tidssone
- Ved sommartid
PETT (UTC+12)
PETST (UTC+12)
Diverse annan informasjon
Postnummer 689251
Retningsnummer (tlf) 427 37


Providenija (russisk Провиде́ния) er ein bymessig busetjing i Providenijabukta i den nordaustlege delen av den autonome regionen Tsjukotka i Russland. Den ligg direkte over Beringstredet frå Alaska, og svært nær den internasjonale datolinja. Like ved byen ligg Providenijabukta lufthamn, som er den russiske lufthamna som ligg nærast USA. Innbyggjartalet var 2 723 ved folketeljinga i 2002, og 5 432 ved folketeljinga i 1989.

Busetjinga var ei tidlegare sovjetisk militærhamn, som låg i ein fjord verna frå Beringhavet. Mesteparten av innbyggjarane i byen i dag er Sibirsk yupik, ei eskimostamme.

Providenija har eit arktisk klima, men vinterene er ikkje så strenge, på grunn av plasseringa i byen ved kysten.

Byen vert av og til kalla Porten til Arktis, og etter Sovjetunionens fall har turisme frå det nærliggande Alaska gjeve lokaløkonomien eit løft. Bering Air, eit flyselskap frå Alaska, tilbyr charterturar til Providenijabukta lufthamn frå både Nome og Anchorage. Alaska Airlines hadde tidlegare regelmessige ruteflyvninger til Providenijabukta lufthamn på 1990-talet, og var kjent for «Vennskapsflyvningen» i 1988, då det var det første amerikanske flyselskapet med rute til ein sovjetisk by.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]