Hopp til innhald

Provinsar i Argentina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Argentina er delt inn i tjuetre fødererte statar kalla provinsar (spansk: provincias, eintal provincia) og éin kalla den autonome byen (ciudad autónoma) Buenos Aires, som er den føderale hovudstaden til republikken (spansk: Capital Federal), bestemt av den argentinske kongressen.[1] Provinsane og hovudstaden har sine eigne grunnlover og eksisterer under eit føderalt system.

Politisk organisering

[endre | endre wikiteksten]

Argentina er ein føderasjon sett saman av tjue–tre provinsar og éin autonom by, Buenos Aires. Provinsane er administrativt delt inn i departement og kommunar, bortsett frå Buenos Aires-provinsen, som er delt inn i partidos og localidades. Sjølve Buenos Aires by er delt inn i kommunar (comuna) og uoffisielle nabolag (barrios).

Provinsane har all makt dei ikkje har valt å delegere til den føderale regjeringa;[2] dei må vere representative fellesskap og kan ikkje motstride konstitusjonen.[3] Utover dette er dei fullstendig autonome: dei innfører sine eigne grunnlover,[2] organiserer dei lokale styresmaktene sine fritt[4] og eig og forvaltar sine natur- og finansressursar.[5] Dermed har kvar provins sitt eige sett med provinslover og rettssystem, ein høgsterett, ein guvernør, ein autonom politistyrke og ein kongress. I åtte provinsar er den lovgivande forsamlinga tokammersystem, beståande av eit overhus (senat) og eit underhus (deputertkammer), medan i dei andre femten provinsane og i Buenos Aires by, har eit eittkammersystem.[6]

Ved opprør, invasjon, territoriale inntrengingar eller andre trugsmål mot lovene i landet i kva provins som helst eller hovudstaden, har kongressen myndigheit til å erklære føderal intervensjon i det ramma distriktet,[7] sjølv utan formell førespurnad frå den ramma parten.[8] Når kongressen har pause og derfor ikkje kan intervenere, har presidenten rett til å vedta ein slik intervensjon, men denne utøvande ordren kan gjerast om av kongressen når han samlast igjen.[9] Når intervensjonen er erklært, blir oppløyst straks styret i det ramma distriktet, heilt eller delvis etter avgjerda til kongressen, og presidenten utnemner ein representant eller intervenerer, som skal fungere mellombels til situasjonen er løyst. Sidan 1983 har fire provinsar vorte intervenerte, nemleg Catamarca, Corrientes (to gonger), Santiago del Estero (to gonger) og Tucumán.[10]

I løpet av det 20. hundreåret har nokre provinsar hatt regjeringar som tradisjonelt vart kontrollerte av éin familie, til dømes Saadi-familien i Catamarca, eller Sapag-familien i Neuquén; i eitt tilfelle er situasjonen den same fram til 2009: provinsen San Luis har nesten utan opphald vore styrt av Rodríguez Saá-familien sidan desember 1983.[11]

Artikkel 61 i Grunnlova for Buenos Aires by seier at «Stemmegivinga er fri, likeverdig, hemmeleg, universell, obligatorisk og ikkje kumulativ. Utanlandske bebuarar nyt denne retten, med dei korresponderande plikter, på like vilkår med argentinske statsborgarar registrert i dette distriktet, i samsvar med føresegnene i lova».[12]

Oversyn over provinsane med hovudstad og folketal

[endre | endre wikiteksten]
Tierra del FuegoSanta CruzChubutRío NegroNeuquénLa PampaBuenos Aires-provinsenbyen Buenos AiresSanta FeCórdobaSan LuisMendozaSan JuanLa RiojaCatamarcaSaltaJujuyTucumánSantiago del EsteroChacoFormosaCorrientesMisionesEntre RíosFalklandsøyaneArgentinsk Antarktis
Provinsane i Argentina. Klikkbart kart i nettlesar.
ProvinsnamnHovudstadFolketal (2022)[13]FlateviddTettleik
Buenos Aires 3 120 612203 km²15372,47
Buenos Aires-provinsenLa Plata17 569 053307 571 km²57,12
CatamarcaSan Fernando del Valle de Catamarca429 556102 602 km²4,18
ChacoResistencia1 142 96399 633 km²11,47
ChubutRawson603 120224 686 km²2,68
Córdobabyen Córdoba3 978 984165 321 km²24,06
Corrientesbyen Corrientes1 197 55388 199 km²13,57
Entre RíosParaná1 426 42678 781 km²18,10
Formosabyen Formosa606 94172 066 km²8,42
JujuySan Salvador de Jujuy797 95553 219 km²14,99
La PampaSanta Rosa366 022143 440 km²2,55
La Riojabyen La Rioja384 60789 680 km²4,28
Mendozabyen Mendoza2 014 533148 827 km²13,53
MisionesPosadas1 280 96029 801 km²42,98
Neuquénbyen Neuquén726 59094 078 km²7,72
Río NegroViedma762 067203 013 km²3,75
Saltabyen Salta1 440 672155 488 km²9,26
San Juanbyen San Juan818 23489 651 km²9,12
San Luisbyen San Luis540 90576 748 km²7,04
Santa CruzRío Gallegos333 473243 943 km²1,36
Santa Febyen Santa Fe3 556 522133 007 km²26,73
Santiago del Esterobyen Santiago del Estero1 054 028136 351 km²7,73
Tierra del FuegoUshuaia190 641987 168 km²0,19
TucumánSan Miguel de Tucumán1 703 18622 524 km²75,61
  1. Den argentinske grunnlova, artikkel 3
  2. 1 2 Den argentinske grunnlova, artikkel 121
  3. Den argentinske grunnlova, artikkel 5, 6
  4. Den argentinske grunnlova, artikkel 122
  5. Den argentinske grunnlova, artikkel 124, 125
  6. «Legislaturas de la Ciudad de Buenos Aires y provinciales – República Argentina» (på spansk). Universidad del Salvador. Arkivert frå originalen 15. mai 2013. Henta 19. september 2009.
  7. Den argentinske grunnlova, artikkel 6
  8. Den argentinske grunnlova, artikkel 75
  9. Den argentinske grunnlova, artikkel 99
  10. «Intervenciones en la historia». La Nación (på spansk). 11 April 2004. Arkivert frå originalen 11 October 2012.
  11. «Archivo Histórico – Gobernadores provinciales de la República Argentina 1983–2007» (på spansk). Ministerio del Interior – Presidencia de la Nación. Arkivert frå originalen 8 June 2009. Henta 8 June 2009.
  12. «Constitución de la Ciudad Autónoma de Buenos Aires» (på spansk). Ciudad Autónoma de Buenos Aires. October 1, 1996. Arkivert frå originalen 22. november 2007. Henta 13. desember 2007.
  13. «Nuevos datos provisorios del Censo 2022: Argentina tiene 46.044.703 habitantes». Infobae. 31 January 2023. Henta 7. november 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Provinsar i Argentina