Provinsen Gümüşhane
Utsjånad
| Gümüşhane | |||
| Gümüşhane ili | |||
| region | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Svartehavsregionen | ||
| Hovudstad | Gümüşhane | ||
| Areal | 6 575 km² | ||
| Folketal | 129 618 (2010) | ||
| Folketettleik | 20 / km² | ||
| Bilnummer | 29 | ||
| Retningsnummer | 406 | ||
![]() Provinsen Gümüşhane 40°23′17″N 39°25′07″E / 40.388055555556°N 39.418611111111°E | |||
| Wikimedia Commons: Gümüşhane Province | |||
Provinsen Gümüşhane (tyrkisk Gümüşhane ili) er ein provins nord i Tyrkia, og grensar til Bayburt i aust, Trabzon i nord, Giresun og Erzincan i vest. Han dekkjer eit areal på 6 575 km² og har kring 130 000 innbyggjarar (2010). Provinsen har ei rik gruvehistorie (sølv og bronse) og var eksportkjelda for Trabzon.
Gümüşhane er omgjeve av høge fjell, Zigana-Trabzonfjella i nord, Çimenfjella i sør, Giresunfjella i vest og Pulur, Soğanlıfjella i aust. Det er populært med fjellturar i området og i Zigana er det eit skisenter. Abdal Musa er det høgaste fjellet med 3331 meter over havet.
Distrikt
[endre | endre wikiteksten]Provinsen Gümüşhane er delt inn i seks distrikt (hovuddistriktet er utheva):
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gümüşhane Province» frå Wikipedia på engelsk, den 19. august 2012.
