Hopp til innhald

Provinsen Napoli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Napoli
provins
Symbol
Land  Italia
Region Campania
Hovudstad Napoli
Postnummer 80121–80147, 80010–80079
Retningsnummer 081
Bilnummer NA
Kart
Provinsen Napoli
40°50′00″N 14°15′00″E / 40.833333333333°N 14.25°E / 40.833333333333; 14.25
Kart som viser Provinsen Napoli.
Kart som viser Provinsen Napoli.
Kart som viser Provinsen Napoli.
Wikimedia Commons: Province of Naples (Italy)

Provinsen Napoli (italiensk Provincia di Napoli) er ein provins i regionen Campania i Italia. Hovudstaden er byen Napoli og det er 92 kommunar i provinsen.

Provinsen Napoli er den provinsen med høgast folketettleik i Italia. I følgje det statlege statistikkbyrået i Italia låg dei seks kommunane med høgast folketettleik (Portici, Casavatore, San Giorgio a Cremano, Melito di Napoli, Napoli og Arzano) i provinsen, og det same gjorde 11 av dei 15 øvste. Han har eit areal på 1 171 km² og totalt 3 092 859 innbyggjarar (2005).

Største kommunarInnbyggjarar
Napoli983 797
Giugliano in Campania108 492
Torre del Greco88 540
Pozzuoli82 503
Casoria81 871
Castellammare di Stabia65 794
Afragola63 483
Marano di Napoli58 978
Portici57 062
Ercolano55 310
Capri.

Området er ein stort turistdestinasjon i Italia med mange særs kjende turistattraksjonar. Pompeii, den utgravde romerske byen som vart gravlagd av Vesuv i år 79 er av dei mest populære i Italia.[1]

Dei tre øyane Ischia, Procida og Capri i Napolibukta er òg kjende destinasjonar. På Capri finn ein den kjende blå grotta.

Sorrentinahalvøya (og byen Sorrento) har lenge ver ein stor turistdestinasjon og er mellom anna kjend for drikken Limoncello og dei lukseriøse klippene ved havet med villaer, slott, vakttårn , kyrkjer og i Vico Equense gamle gardshus.[2]

  1. ItalianCookingandLiving, arkivert frå originalen 29. august 2003, henta 9. desember 2007
  2. SorrentoTourism.com, arkivert frå originalen 10. juni 2007, henta 9. desember 2007

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Provinsen Napoli