Provinsen Trapani
Hopp til navigering
Hopp til søk
Nasjon | ![]() |
Region | Sicilia |
Hovudstad | Trapani |
Areal | 2 460 km² |
Folketal (2001) | 425 067 |
Folketettleik | 173/km² |
Kommunar | 24 |
Bilnummer | TP |
Postnummer | 91100 |
Retningsnummer (tlf) | 923 |
President | sen. Antonio d'Alì |
![]() | |
Plasseringa til Trapani i Italia |
Provinsen Trapani (italiensk Provincia di Trapani; siciliansk Pruvincia di Tràpani) er ein provins i regionen Sicilia i Italia. Hovudstaden er byen Trapani. Han har eit areal på 2 460 km² og totalt 425 067 innbyggjarar (2001). Det er 24 kommunar i provinsen.
Bortsett frå hovudstaden er dei største og viktigaste byane Segesta, Gibellina, Erice, Castelvetrano, Alcamo, Marsala, Mazara del Vallo, Castellammare del Golfo og Mozia. Den nærliggande øya Pantelleria og Dei egadiske øyane høyrer òg adminstrativt til provinsen Trapani.
Provinsen Trapani produserer meir vin enn kvar av regionane Toscana og Piemonte, samt kvar av landa Ungarn, Austerrike og Chile.
Største kommunane[endre | endre wikiteksten]
Pr 31. mai 2011
Kommune | Folketal |
---|---|
Marsala | 82 933 |
Trapani | 70 343 |
Mazara del Vallo | 51 466 |
Alcamo | 45 940 |
Castelvetrano | 30 683 |
Erice | 28 463 |
Castellammare del Golfo | 15 326 |
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Province of Trapani frå Engelsk Wikipedia .