Provinsen Verbano Cusio Ossola
Utsjånad
| Verbano-Cusio-Ossola | |||
| provins | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Piemonte | ||
| Hovudstad | Verbania | ||
| Areal | 2 255 km² | ||
| Folketal | 154 233 (31. desember 2021) | ||
| Postnummer | 28921–28925, 28811–28897 | ||
| Retningsnummer | 0321, 0322, 0323, 0324 | ||
| Bilnummer | VB | ||
![]() Provinsen Verbano Cusio Ossola 45°56′00″N 8°32′00″E / 45.933333333333°N 8.5333333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Province of Verbano-Cusio-Ossola | |||
Provinsen Verbano-Cusio-Ossola (italiensk Provincia del Verbano Cusio Ossol) er ein provins i regionen Piemonte i Italia. Han vart oppretta i 1996 frå dei tre områda nemnd i namnet, som tidlegare hadde vore ein del av provinsen Novara. Vestbreidda av Lago Maggiore dannar austsida av provinsen, medan Ortasjøen og omgjevnadane rundt dannar den sørlege. I nord og aust består provinsen av Ossola, ein region med fjell og dalar i Alpane.
Hovudstaden er byen Verbania. Han har eit areal på 2 255 km² og totalt 154 233 innbyggjarar i 2021. Det er 77 kommunar i provinsen og dei største av desse er:
| Kommune | Innbyggjarar | |
|---|---|---|
| Verbania | 30 836 | |
| Domodossola | 18 362 | |
| Omegna | 15 949 | |
| Gravellona Toce | 7 595 | |
| Villadossola | 6 915 | |
| Cannobio | 5 113 | |
| Stresa | 5 104 | |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Province of Verbano-Cusio-Ossola» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2007.

