Provinsen Verona
| Verona | |||
| provins | |||
Vinranker og valmuar i Verona | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Veneto | ||
| Hovudstad | Verona | ||
| Areal | 3 109 km² | ||
| Folketal | 860 796 (2004) | ||
| Postnummer | 37010-37069 | ||
| Retningsnummer | 04, 045, 0442 | ||
| Bilnummer | VR | ||
![]() Provinsen Verona 45°26′N 10°59′E / 45.43°N 10.98°E | |||
| Wikimedia Commons: Province of Verona | |||
Provinsen Verona (italiensk Provincia di Verona) er ein provins i regionen Veneto i Italia. Hovudstaden er byen Verona. Han har eit areal på 3 109 km² og totalt 860 796 innbyggjarar (2004).

Provinsen grensar mot provinsen Trento i nord, Vicenza og Padova i aust, Rovigo i sør og Mantova og Brescia i sør og vest.
Det er 98 kommunar i provinsen.Dei viktigaste kommunane er mellom anna Bovolone, Bonavigo, Bussolengo, Cerea, Legnago, Negrar, Peschiera del Garda, San Bonifacio, San Giovanni Lupatoto, San Martino Buon Albergo, Soave, Sona og Villafranca di Verona.[1]
Byen Verona er ein verdsarvstad.[2] Byen er mellom anna kjend frå Romeo and Juliet av Shakespeare, med Casa di Giulietta (huset til Juliet med ein balkong som er viktig i stykket) er eit viktig turistmål.[2] Gardasjøen er også eit kjent turistmål i provinsen. Provinsen har elles fleire slott, tårn, kloster og andre gamle bygningar. Valpolicella er kjend for vinane sine. Den største naturlege brua i Europa, Ponte di Veja, ligg også i Verona. Norddelen av provinsen er åslendt med fleire elvar, mellom anna Tartaro, Caslagnaro og Adige.[3]
Største kommunar
[endre | endre wikiteksten]Per 31. desember 2008)
| Kommune | Folketal |
|---|---|
| Verona | 265 368 |
| Villafranca di Verona | 32 408 |
| Legnago | 25 488 |
| San Giovanni Lupatoto | 23 485 |
| San Bonifacio | 19 943 |
| Bussolengo | 19 439 |
| Negrar | 17 128 |
| Sona | 16 856 |
| Cerea | 16 201 |
| Pescantina | 15 859 |
| Bovolone | 15 538 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Banca Dati Provincia Verona» (på italiensk). Unione delle Province d‘Italia. Arkivert frå originalen 28 April 2014. Henta 18 September 2014.
- 1 2 «Verona, Veneto». Italia. Arkivert frå originalen 9. oktober 2014. Henta 18. september 2014.
- ↑ The Penny Cyclopaedia of the Society for the Diffusion of Useful Knowledge. 1843. s. 268.
- Denne artikkelen bygger på «Province of Verona» frå Wikipedia på engelsk, den 16. desember 2007 og 18. november 2021.

