Prut-traktaten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Prut-traktaten vart signert ved breidda av elva Prut mellom Det osmanske riket og Det russiske tsardømet den 21. juli 1711 og enda den russisk-tyrkiske krigen (1710–1711). Krigen var eit nederlag for Russland, men avtalen innebar at osmanarane trekte seg frå den store nordiske krigen, slik at russarane kunne konsentrere seg om andre motstandarar (hovudsakleg Sverige).

Avtalen gav Azov attende til osmanarane, Taganrog og fleire russiske festningar skulle øydeleggjast, og tsaren måtte love å ikkje blande seg inn i sakene til Det polsk-litauiske samveldet, som russarane i aukande grad klarte å påverke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]