Prydzbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 69°0′S 75°0′E
Prydzbukta
bukt
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Princess Elizabeth Land
 - koordinatar 69°0′S 75°0′E
Administrert under Antarktistraktaten
Prydzbukta is located in Antarktis
Prydzbukta (Antarktis)

Prydzbukta er ei djup bukt i Antarktis mellom Lars Christensen Kyst og Ingrid Christensen Kyst. Delar av bukta vart observert i januar og februar 1931 av norske kvalbåtar og British Australian New Zealand Antarctic Research Expedition (BANZARE). Ho vart utforska i februar 1935 av den norske kvalfangaren Klarius Mikkelsen på «Thorshavn», og vart kartlagd i stor detalj frå flyfoto teken under Lars Christensen-ekspedisjonen i 1936-37. Ho er kalla opp etter Olaf Prydz, leiar av Hvalfangernes Assuranceforening i Sandefjord i Noreg.

Den russiske Progress Station ligg ved Prydzbukta ved Larsemannfjella oase.

Den kinesiske Zhongshan-stasjonen ligg ved Prydzbukta ved Larsemannfjella oase.

Lambertbreen munnar ut i Lambert Graben og Amery isbrem på sørvestsida av Prydzbukta.

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Prydzbukta» (innhald frå Geographic Names Information System).