J/psi-meson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Psi-meson)
J/ψ
Samansetnad: cc
Statistisk åtferd: Bosonisk
Gruppe: Meson
Fundamentalkraft: Sterk, svak, elektromagnetisk kraft, gravitasjon
Symbol: J/ψ
Antipartikkel: Seg sjølv
Oppdaga: SLAC: Burton Richter et al. (1974)
BNL: Samuel Ting et al. (1974)
Masse: 5.5208×10−27 kg

3.096916 GeV/c²

Elektrisk ladning: e
C
Spinn: 1

Eit J/psi-meson eller J/ψ-meson er ein subatomar partikkel. Det er den lettaste av desse med ein masse på 3,1 GeV/c², det vil sei han er vel tre gonger så tung som protonet.

Mesonet er smaksnøytralt og består av ein sjarmkvark og ein sjarm-antikvark. J/ψ-mesonet har ein kvilemasse3.0969 GeV/c² og ei levetid7.2×10−21 s. Denne levetida er omkring tusen[1] gonger lenger enn tidlegare venta.

J/ψ-mesonet vart oppdaga uavhengig av to forskingsgrupper, ei ved Stanford Linear Accelerator Center, leia av Burton Richter, og ei gruppe ved Brookhaven National Laboratory, leia av Samuel Ting vedMIT. Dei oppdaga at dei hadde funne den same partikkelen og annonserte oppdaginga i lag den 11. november 1974. For oppdaginga fekk Richter og Ting nobelprisen i fysikk i 1976.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kungliga Vetenskapsakademien (23 April 2012). «Press Release: The 1976 Nobel Prize in Physics». Nobelprize.org. Henta 14. april 2013.