Psykrofil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Psychrofil)
Jump to navigation Jump to search
Tekstur frå psykrofile algar i snø

Ein psykrofil eller ein kryofil er ein organisme som veks optimalt ved 15 °C eller lågare og ikkje veks i det heile teke ved temperaturar over 20 gradar. Dei er mellom dei vanlegaste ekstremofilane som finst, sidan store delar av kloten er dekt av område med middeltemperaturar under 15 °C. Ein finn dei i arktisk, antarktisk og alpin jord, i djuphavet og i fjellvatn, i is og på snøleie.

Dei fleste psykrofilane er bakteriar eller arkar, men ein har òg funne døme på soppar og algar som toler slike kalde temperaturar.

For å verna cellevæska mot å frysa til har psykrofilane ofte gen som kodar for «frostvæskeprotein». Lipida i cellemembranane deira er dessutan ofte kjemisk avvikande frå andre lipid, for å hindra at dei stivnar til.

Ekstremofilar
acidofil | alkalifil | barofil | halofil | osmofil | piezofil | psykrofil | termofil | xerofil |