Psykedelia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei rekkje nedgravde Cadillacar måla i regnbogefargar.
Flytande oljeprojeksjonar med ein kraftig lampe som vart nytta til å projisere roterande fargar på skjermar sidan 1960-åra.

Psykedelia er eit omgrep som vart gjeven til subkulturen av folk som ofte nytta psykedeliske dop som LSD, meskalin og peyote i 1960-åra. Omgrepet vert òg nytta til å skildre psykedelisk kunst og psykedelisk musikk. Psykedelisk kunst og musikk prøver typisk å gjenskape eller reflektere opplevinga av endra medvitstilstandar. Psykedelisk kunst brukar ofte forvrengde eller surrealistiske bilete, lyse fargar og fulle spektrum og animasjonar (som teiknefilmar) for å framkalle og overføre til sjåaren eller lyttaren kva kunstnaren opplevde under påverknad av dop, eller forsterke opplevinga til dopbrukaren. Psykedelisk musikk brukar forvrengd elektrisk gitar, element av indisk musikk som sitaren, elektroniske effektar, lydeffektar og romklang, i tillegg til studioeffektar som å spele lydband baklengs eller panorere lyden frå ei side til side. Omgrepet «psykedelisk» kjem frå det gammalgreske ordet psykhē (ψυχή, «sinn») and ogdēloun (δηλοῦν, «å avdekke»),[1] omsett som «sinnsavslørande».

Ei psykedelisk oppleving vert kjenneteikna av ei slåande oppfatning av aspekt ved eins sinn ein tidlegare ikkje kjende til, eller ved ein kreativ overflod frå eit frigjort sinn. Psykedeliske tilstandar er ei rekkje opplevingar som omfattar endring av oppfatning som hallusinasjonar, synestesi, endra medvitstilstand eller fokusert medvit, variasjonar i tankeprosessar, transe eller hypnotiske tilstandar, mystiske tilstander og andre tankeendringar. Ein kan oppnå psykedeliske tilstandar via forskjellige teknikkar, som meditasjon, stimulering av sansane[2] eller sanseberøving, og oftast ved hjelp av psykedeliske stoff. Når desse psykoaktive stoffa vert nytta for religiøse, sjamanske eller andelege føremål, vert dei kalla enteogen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "psychedelic". Online Etymology Dictionary.
  2. Psychedelic sensory stimulation exemplified by "The Holotope Experience" utilized by Bashar. Explained in YT video titled "About The Holotope Experience".

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Psykedelia