Psyttália

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Psyttália
øy
Psyttaleia.jpg
Land Flag of Greece.svg Hellas
Del av Dei saroniske øyane
Kart
Psyttália
37°56′26″ N 23°35′17″ E
Wikimedia Commons: Psyttaleia
Psyttália i Saroniabukta.

Psyttália (gresk skrift Ψυττάλεια) er ei ubebudd øy i Saroniabukta, eit par kilometer frå Pireus i Hellas. Ho dekkjer 0,375 kvadratkilometer, og huser i dag det største kloakkrenseanlegget i Europa[1][2][3] som handsamar 750 tonn kloakk dagleg.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 480 fvt., før slaget ved Salamis, oppretta persarane ein vakttropp med soldatar og adelsmenn på øya. Etter den greske sigeren trekte den persiske flåten seg tilbake mot Fáliro og vakttroppen vart forlaten. Aristides, den athenske strategosen, gjekk i land på øya og avretta alle persarane.

På denne tida vart øya kalla Lypsokoutála (gresk Λυψοκουτάλα), som tyder «ei halv skei» sidan ho liknar ei halv skei når ein ser ho frå fjellet Egáleo.

Sidan 1990-åra byrja Saroniabukta å verte forureina av kloakk frå Athen og Pireus. For å verne om økosystemet og følgjene dette hadde for turismen vart det bygd eit kloakkrenseanlegg på øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Børsen i Athen Arkivert 2012-12-04 ved Wayback Machine., Elliniki Technodomiki TEB AE.
  2. Themeliodomi Arkivert 2007-08-01 ved Wayback Machine., Miljøvernsarbeid
  3. Andritz, Andritz to supply sewage sludge drying system for Athens, Greece
  4. Antenna News Arkivert 2007-06-19 ved Wayback Machine., Karamanlis in Psyttaleia