Puddefjordsbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Puddefjordsbrua
Puddefjordbroen crop.jpg
Offisielt namn Puddefjordsbrua
Transporterer Biltrafikk
Kryssar Puddefjorden
Veg Riksvei 555.svg 
Stad Bergen
Spenn 152 m
Total lengd 436 / 461 m
Seglingshøgd 28 m
Opna 1956
Trafikk over brua, mai 2009.

Puddefjordsbrua strekkjer seg over Damsgårdssundet, som er den smalaste delen av Puddefjorden i Bergen. Brua blei opna i 1956 og ho strekkjer seg frå Møhlenpris på sentrumssida til Gyldenpris på Laksevågssida. Ho er bygd i betong og har bogefasong. Hovudspennet på brua er 152 meter, til saman 461 meter. På det høgste punktet er Puddefjordsbrua 30 meter over vassflata på Puddefjorden. Brua erstatta i 1960 den gamle Laksevågsferja frå Nøstet til Laksevåg. Ho er no del av riksveg 555 og har tre felt for motorkøyretøy i kvar retning og to gang- og sykkelfelt.

Opphavleg hadde brua tre felt. Det midtste feltet bytte køyreretning mellom morgonrushet og ettermiddagsrushet. I 1999 blei det bygd ei nær identisk bru heilt inntil den gamle, på sørsida. Den utvida brua har følgjeleg seks felter, tre kvar veg, og inngår no i det bergenske motorvegsystemet, trass i at brua ikkje formelt har status som motorveg.

På sentrumssida held vegen fram inn i Nygårdstunnelen, mens på Laksevågssida kan ein halda fram inn i Damsgårdstunnelen (viss ein skal vidare vestover, som til Loddefjord, Haakonsvern, Sotra, Øygarden eller Askøy), og i Løvstakktunnelen (viss ein skal til Fyllingsdalen). Ved bruendane er det også avkøyrsler til lokalområda der.

Under stormen 23. januar 1994 blei brua treft av bustadplattformen «Polyconcord» som hadde slite seg laus frå BMV Laksevåg der han låg ankra. Ein var ei stund redd for at brua ville bli øydelagd, men plattformen grunnstøytte like før, noko som dempa samanstøytet. Likevel blei rekkverk og eit fortau øydelagde og lysmaster blei slått skeive.

Det blei i 2004 avdekka at den gamle brua inneheld svært store mengder med miljøgifta PCB.[1]#

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Puddefjordsbrua var blant dei første vegprosjekta i Noreg som blei finansiert ved hjelp av bompengar. For å få dette til, blei Bro & Tunnelselskapet i Bergen stifta. Brua blei lånefinansiert, sidan førehandsbompengar vart sett på som ein uting. Ved sluttføringa begynte dei køyrande å betala – og dei kom berre til Laksevåg.

Løvstakktunnelen var neste byggetrinn og blei fullført med ein køyrebane i kvar retning. Denne var ferdigbetalt få månader før det nye førehandsbompengesystemet kom på plass. Til sentrum kom ein etter kvart direkte inn via den første Nygårdstunnelen. Etter byggjetrinn to er denne reservert offentleg transport og utrykningskøyretøy, medan den vanlege trafikken har fått eigne tunnelar som endar i trafikkmaskinaNygårdstangen.

Trafikkutvikling[endre | endre wikiteksten]

Årsdøgntrafikken på brua i utvalt år:[2]

2006: 45 720
2009: 54 105
2010: 54 711
2011: 55 320
2012: 56 098
2013: 55 346
2014: 54 361
2015: 54 855
2016: 52 488
2017: 51 352
2018: 50 381

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Morten Jartun, Rolf Tore Ottesen og Tore Volden (2004). «Spredning av miljøgifter fra tette flater i Bergen» (PDF). Norges geologiske undersøkelse rapport. ISSN 0800-3416. 
  2. 2,0 2,1 Statens vegvesen - Trafikkregistreringer(PDF) - besøkt 5. aug 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]