Puertoricotanagar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Puertoricotanagarfamilien)
Hopp til navigering Hopp til søk
Puertoricotanagar

Status i verda: LC Livskraftig

Puertoricotanagar øvst på teikninga Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, 1875
Puertoricotanagar øvst på teikninga
Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, 1875

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Nesospingidae
Slekt: Nesospingus
Art: N. speculiferus
Namn på andre språk
  • Engelsk: Puerto Rican tanager
  • Vitskapleg namn
    Nesospingus speculiferus

    Puertoricotanagar (Nesospingus speculiferus) er ein mellomstor, altetande fugl med uklår plassering innanfor den biologiske ordenen Passeriformes, sporvefuglar. Han er endemisk til øya Puerto Rico.

    Som namnet ymtar om har han vore rekna som medlem i tanagarfamilien, men frå 2017 lista som ein ny familie Nesospingidae i EBird/Clements Checklist.[1]

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Puertoricotanagaren er 18 til 20 centimeter i kroppslengd. Kjønna har lik fjørdrakt: hovudet og oversida er mørk gråbrun til olivengrøn, strupen er kvit og resten av undersida nær kvit med lys grålege område. Nebbet er kort og kraftig. Dei lever helst i fuktige skogsområde og i plantasjar mellom 200 og 1330 moh. Her beitar dei på både frukter, leddyr og virveldyr som små øgler og froskar. Dei kan beite høgt i trekroner og flyg sjeldan.[2]

    Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2017), Updates & Corrections: August 2017, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.12, page 649, Nesospingidae (Puerto Rican Tanager) , Cornell Lab of Ornithology Henta den 8. oktober 2017
    2. Hilty, S. (2017) Puerto Rican Tanager (Nesospingus speculiferus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 8. oktober 2017
    3. BirdLife International (2017) Species factsheet: Nesospingus speculiferus. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. oktober 2017

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Puertoricotanagar