Puffa havre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Puffa havre

Puffa havre er ei form for puffa korn som blir laga industrielt ved at havrekorn vert rista (varma opp) under trykk i eit lukka system.[1] Når trykket vert fjerna, har havrekorna vorte lette og luftige. Havrekorna har soleis vorte omgjort til puffa havre etter om lag den same prosessen som gjer at maiskorn vert gjort om til popkorn under oppvarming.

Puffa havre kan etast som dei er, tilsett mjølk, syltetøy eller bær, eller blandast i müsli. Puffa korn av ulike slag kan brukast som frukostblanding eller som ingrediens i bakverk, sjokolade og ulike typar snacks.[1]

Same prosessen som for havre kan nyttast for andre kornslag òg, som ris og kveite, som på tilsvarande vis vert kalla puffa ris og puffa kveite.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Produkter», Tau Mølle (wordpress.com)