Puffa korn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Puffa amarant (venstre) og ris
Puffa ris klar til å blandast med andre ingrediensar som snøggmat i India.

Puffa korn er ein måte å laga til ulike korntypar på der ein tilfører varme og trykk til heilkorn, korndelar eller deigstykke. Dette gjev eit lett og luftig produkt.[1] Teknikken kan førast tilbake fleire hundreår med produkt som popcorn og puffa ris. Moderne puffa korn blir ofte laga ved bruk av høg temperatur, trykk eller ekstrudering.

Ein et puffa korn på mange måtar, men det kan vera så enkelt som puffa korn åleine og med sukker eller salt etter smak. Puffa korn er populære som frukostblandingar, i form av bakverk som riskaker eller som ingrediens i ulike blandingar, som bhelpuri.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det eldste puffa kornet ein har funne er opptil 4000 år gammal poppa mais eller tidleg popcorn. Det blei funne i vest-sentrale New Mexico i 1948 og 1950.[2]

Ein har også puffa ris frå gammalt av, ved hjelp av ein teknikk kalla steiking i varmt salt der ein bruker forvella ris (t.d. dampa og deretter tørka) som blir puffa med førehandsvarma salt.[3]

Ein moderne prosess for å laga puffa korn blei funnen opp av Alexander P. Anderson i 1901 i Red Wing i Minnesota. Han gjorde eit eksperiment for å undersøka effekten av varme og trykk på maisstivegranulat som han la i seks glasrøyr, forsegla og sette i ein omn til dei endra farge. Då Anderson tok dei ut og slo dei opne kom det ein liten eksplosjon der maisstiva blei ein oppuffa kvit masse.[4] Dr. Anderson utvikla også metodar for å puffa kveite og ris, sistnemnde brukte han faktisk ein kanon til å oppnå nok trykk og varme.[5] Han tok patent på prosessen og selde han til Quaker Oats. Puffa korn blei først introdusert på verdsutstillinga i St. Louis i 1904.[6] Det puffa kornet blei skote ut frå åtte kanonar og presentert på ein plakat som The Eighth Wonder of the World. Quaker Oats byrja å selja kornproduktet Puffed Rice i 1905.[6]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Video som viser bruk av ein kornpuffemaskin i Haikou i Hainan i Kina (utan lyd).

Puffa ris kan lagast ved hjelp av den enkle, men effektive metoden med steiking i varmt salt. Salt blir varma opp i ei panne til det er varmt nok til at det kan puffa ris i løpet av nokre sekund. Forvella eller tørka forvella ris blir tilsett det oppvarma innhaldet i panna og rørt om. Puffinga byrja nesten med ein gong og blir ferdig på mindre enn eit minutt, og risen blir aust ut med ein silreiskap.

Ein kan også puffa heilkorn ved å ha det under høgt trykk med damp i ein behaldar. Når seglet til kornet plutseleg brest, bles dampen endospermen i kjernen opp, og aukar volumet til mange gangar den opphavlege storleiken.

Puffa ris og andre kornslag blir selde ein del som snøggmat på gatene i Kina, Korea (kalla ppeong twigi, 뻥튀기), og Japan (kalla pon gashi, ポン菓子). Seljarar kan utføra puffinga sjølv med ei kombinert vogn og puffar med eit roterande trykkammer i stål varm over open eld.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Puffa kornrettar[endre | endre wikiteksten]

Snacks, matvarer og matrettar laga av puffa korn kan vera:

Puffa deigprodukt[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bender, David A. (1. januar 2009). «cereals, puffed» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-923487-5. doi:10.1093/acref/9780199234875.001.0001/acref-9780199234875-e-7118. 
  2. "History of Popcorn." History of Popcorn. N.p., n.d. Web. 08 Apr. 2013.
  3. Church, A. H. (1886). Food-Grains in India. Chapman and Hall. s. 73-75. 
  4. "Dr. Alexander P. Anderson - 1982 inductee." Minnesota Inventors Hall of Fame -. N.p., n.d. Internett. 08. april 2013.
  5. Santlofer, Joy (2012). «Cereal, Cold» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-973496-2. doi:10.1093/acref/9780199734962.001.0001/acref-9780199734962-e-0145. 
  6. 6,0 6,1 Smith-Drelich, Hannah (23. juli 2015). «breakfast cereal» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-931339-6. doi:10.1093/acref/9780199313396.001.0001/acref-9780199313396-e-59. 
  7. «Oppskrift: Fortånnagraut», Opplysningskontoret for brød og korn (på norsk bokmål), henta 1. august 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Puffa korn