Puget Sound

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Puget Sound
fjord
Puget Sound by Sentinel-2, 2018-09-28 (small version).jpg
Land Flag of the United States.svg USA
Del av Salish Sea

Puget Sound
47°49′59″ N 122°26′6″ W
Wikimedia Commons: Puget Sound

Puget Sound er ein fjord i staten Washington ved nordvestkysten av USA. Han er del av den langt større Salish Sea i Stillehavet, som dannar den amerikanske grensa mot Canada. Puget Sound har ei lengd på 160 km, og dermed ein av dei lengste fjordane i verda.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Puget Sound
Puget Sound med utsikt mot den snøkledde vulkanen Mount Rainier søraust for Seattle

Puget Sound består av i alt fem basseng: Admiralty Inlet, Hood Canal, Whidbey Basin, Sentral Basin (eller Main Basin) og South Basin.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Hamnebyen Seattle er den største byen i delstaten Washington og ligg ved Elliott Bay, ei større bukt i Puget Sound. Blant anna derfor er det stor skipstrafikk på Puget Sound, med transport av både gods og passasjerar. Den lokale skipstrafikken går til mange små øyar og halvøyar i fjorden.

I alt tre bruer kryssar Puget Sound. Deception Pass Bridge i det aller nordlegaste av Whidbey Basin bind saman Fidalgo Island og Whidbey Island. Hood Canal Bridge bind saman Kitsap-halvøya med Olympic-halvøya. Tacoma Narrows Bridge bind saman byen Tacoma med Kitsap-halvøya i sør.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Både Puget Sound og Lake Washington austom Seattle har eit rikt fugleliv. Her kan ein blant anna oppleva havørner (seahawks), som har gjeve namn til den amerikanske fotballklubben Seattle Seahawks. Det blir arrangert kvalsafari fleire stader i fjorden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Puget Sound». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 18. september 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Puget Sound