Pulk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjellpulk trekt av skigåar.
Pulk for frakt av barn.

Pulk er ein sledetype med form som ein liten båt som kan trekkast av eit dyr eller ein person. Namnet er henta frå det finske ordet pulkka, som i sin tur kjem frå dei samiske orda bulki/puhlke.

Ein har funne ein pulk ved Övertorneå som er datert til ca. 1200.[1]

Dette er i opphav ein slede utan skjæker som kan slepast etter ein køyrerein i snø, der han flyt oppå. Han er framleis i bruk, men blir i dag like gjerne trekt av ein hund, skigåar eller snøscooter.

Vidareutvikla pulkar kan ha blitt utstyrte med skjæker og blir brukte på same måte som ein skikjelke. Skjækene gjer at ein ved transport av last eller barn ikkje i same grad er avhengig av nokon bak til å bremsa viss farten aukar for mykje. Pulkar av denne typen er ofte å sjå med småbarnsfamiliar på fjelltur i snøen. I dag blir dei gjerne laga av glasfiber eller plastmateriale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «pulk». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 20. februar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pulk