PulseAudio
PulseAudio | |
![]() | |
Utviklar | Lennart Poettering, Pierre Ossman, Shahms E. King, Tanu Kaskinen, Colin Guthrie |
---|---|
Nyaste versjon | 13.0 |
Utgjeve | 13. sept. 2019 |
Operativsystem | Linux, FreeBSD, NetBSD, OpenBSD, Solaris, Mac OS X, Windows |
Programmeringsspråk | C |
Lisens | LGLP |
Nettstad | pulseaudio.org/ |
PulseAudio (tidlegare Polypaudio) er ein audiotenar som kan nyttast både lokalt og over nettverk. PulseAudio er skriven for programvaregrensesnittet POSIX og køyrer på Linux og UNIX-type operativsystem som FreeBSD og Solaris. PulseAudio er òg tilgjengeleg for Windows via programmeringsgrensesnittet Win32.
Bruk[endre | endre wikiteksten]
PulseAudio automatiserer i stor grad ruting og miksing av audio frå fleire brukarprogram og gjer livet lettare for brukarar som ikkje ynskjer å bruka tid på å konfigurera JACK (dei fleste brukarane). Men PulseAudio gjev ikkje brukarane same moglegheiter for detaljert konfigurering av Linux-audio-infrastrukturen som JACK. PulseAudio og JACK fyller difor ulike behov. PulseAudio høver for ikkje-tekniske brukarar, medan JACK oppfyller krava til profesjonelle brukarar.