Pumori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pumori
Pumori. Bühler og Steck si rute over vestsida er teikna inn.
Pumori. Bühler og Steck si rute over vestsida er teikna inn.

Pumori. Bühler og Steck si rute over vestsida er teikna inn.

Høgd over havet 7 161 m
Område Nepal/Kina (Tibet)
Fjellområde Himalaya
Koordinatar 28° 0′ 53″ N, 86° 49′ 41″ AKoordinatar: 28° 0′ 53″ N, 86° 49′ 41″ A
Karte von Pumori
Karte von Pumori
Førsteklatring 1962 av Gerhard Lenser
Normalrute Høgfjellstur over bre

Pumori (òg Pumo Ri) er eit fjell i Himalaya på grensa mellom Nepal og Kina, om lag åtte kilometer vest for Mount Everest. Pumori er eit sherpa-ord som tyder «ugift dotter» og blei gitt av George Mallory. Fjellklatrarar omtalar ofte Pumori som «Mount Everests dotter».

Pumori er mykje klatra. Den lettaste ruta har ein vanskegrad på 3 (lett klatring). Ein tysk-sveitsisk ekspedisjon under leiing av Gerhard Lenser førsteklatra fjellet i 1962.

I 2001 lukkast dei sveitsiske ekstremklatrarane Ueli Steck og Ueli Bühler med å førsteklatre vestruta sjølv om dei begge blei tatt av eit snøras under oppstigninga.[1]

Bitoppen Kala Patthar (5 675 m) blir ofte klatra på grunn av utsynet mot Mount Everest, Lhotse og Nuptse frå fjellet sin sørtopp (5 545 m).

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Elizabeth Hawley: Pumori, west face, new route. I The American Alpine Journal 2001. The Mountaineers Books, 2002, s. 209

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pumori