Hopp til innhald

Punaflamingo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Punaflamingo
Punaflamingo
Punaflamingo
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av punaflamingo
Utbreiinga av punaflamingo
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Phoenicopteriformes
Familie: Flamingoar Phoenicopteridae
Slekt: Phoenicoparrus
Art: Punaflamingo P. jamesi
Vitskapleg namn
Phoenicoparrus jamesi

Punaflamingo (Phoenicoparrus jamesi) er ein flamingoart som lever i høgtliggjande område i Andes i Peru, Chile, Bolivia og nordvestlege Argentina.

Punaflamingo er nært i slekt med andesflamingo, og dei to er dei einaste artane i slekta Phoenicoparrus. Punaflamingo, andesflamingo og chileflamingo lever sympatrisk og hekkar ofte i felles koloniar.

Punaflamingoar ved Laguna Hedionda, Bolivia

Punaflamingo er mindre enn andesflamingo og blir vanlegvis kring 90-110 cm lang med ei vekt på om lag 2-2,5 kg. Han har bleikrosa fjørdrakt med sterke karminraudlege parti på halsen og ryggen. Nebbet er sterkt gult med svart spiss, medan beina er raudlege. Rundt auga har han berr, raud hud, og dei vaksne fuglane har gule auge.

Arten skil seg frå andre søramerikanske flamingoar ved den lysare fjørdrakta og det gule nebbet. Som hos andesflamingo manglar føtene baktå (hallux), noko som skil dei frå alle andre flamingoartar.

Nyklekte ungar er grå eller kvite, men får etter kvart rosa fjørdrakt på grunn av karoten i kosten. Dei svarte flygefjørene er dei einaste svarte fjørene hos arten.

Flamingoar inkludert punaflamingo er gode flygarar. Før han tar av spring fuglen raskt nokre steg medan han slår med vengene og får løft av farta, og ved landing skjer prosessen motsett. Under trekk kan flamingoar flyge i flokkar med fart opp mot 60 km/t.[1]

Punaflamingoar hekkar ved saltsjøar i tilgrensande høgtliggande område i Andes, innanfor Chile, Bolivia og Argentina. Dei kan leve enda høgare enn dei andre søramerikanske flamingoar, opp mot 4800 meter over havnivå. Når dei ikkje hekkar er dei vidare spreidd; nordover inn i Peru, og akkurat som for andesflamingoar finst nokre i lågare område i sentrale delar av Argentina, som ved Laguna Mar Chiquita i Córdobaprovinsen. Punaflamingoar kan spontant vitje kysten av sørlege Peru og nordlege Chile.[1]

Føde og beiting

[endre | endre wikiteksten]

Arten er ein høgt spesialisert filtreringsetar og lever hovudsakleg av kiselalgar og mikroskopiske algar. Det smale, djupt kjølforma nebbet inneheld tette lamellar som filtrerer næring frå store mengder gjørme. Han er i stand til å filtrere mindre algar enn andesflamingoen, mindre enn 60 µm i storleik.

Flamingoen søkjer næring i grunne innsjøar i Andes, der han går ute i vatnet på lange bein medan halsen blir bøygd i S-form slik at nebbet kan senkast ned i vatnet. Han rører seg gjerne langs kantar av innsjøane og individa spreier seg under beiting. Med føtene kan fuglen virvle opp sediment og algar frå botnen. Arten kan òg skilje ut overskot av salt gjennom saltkjertlar ved naseopningane.

Som andre flamingoartar matar punaflamingo ungane med næringsrikt sekret («kromjølk») som blir gulpa opp frå kroa.[1]

Punaflamingoar blir kjønnsmodne kring seksårsalderen. Hekkinga skjer i koloniar, der mange fuglar tar del i synkroniserte paringsspel med rop, hovudrørsler og utstrekte halsar. Hoa legg årleg eitt egg i eit kjegleforma reir av leire og plantedelar. Begge foreldra rugar egget i 27–31 dagar.[1]

Status, trugsmål og vern

[endre | endre wikiteksten]

Punaflamingo er rekna som nær truga med ein populasjon på totalt meir enn 150 000 inkludert juvenile, ca. 100 000 vaksne, modne fuglar i følgje teljingar i 2020. Bestanden er trudd å vere stabil.

Tidlegare var eggsanking for matauk og sal samt gruvedrift sterkaste trugsmål mot flamingoane, i dag går det føre seg litiumutvinning i saltsjøar som innskrenkar og fragmenterer habitata.[2]

  1. 1 2 3 4 Rivas, C. E.; V. Pantoja-Maggi; E. Mardones Muñoz; Tapia, R.; Cabezas, J.; N. Olmos-Moya; M. Cortés-Norambuena (2024). Medrano, F.; Kirwan, G. M., red. «James's Flamingo (Phoenicoparrus jamesi), version 2.0». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.jamfla1.02.
  2. BirdLife International (2025). «Phoenicoparrus jamesi». IUCN Red List of Threatened Species 2025. doi:10.2305/IUCN.UK.2025-2.RLTS.T22697398A275207078.en. Henta 14. mai 2026.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Punaflamingo