Nipigga stingsild

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pungitius pungitius)
Nipigga stingsild
Nipigga stingsild
Nipigga stingsild
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Nipigga stingsild
Utbreiinga av Nipigga stingsild
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Piggfinnefiskar Perciformes
Underorden: Cottoidei
Infraorden: Gasterosteales
Familie: Stiklingar Gasterosteidae
Slekt: Pungitius
Art: Nipigga stingsild P. pungitius
Vitskapleg namn
Pungitius pungitius

Nipigga stingsild (Pungitius pungitius) er ei lita stingsild som finst i ferskvatn nord i Europa og Nord-Amerika. Ein treffer òg på han i brakkvatn i Austersjøen og i saltvatn langs kysten av Nordishavet. Arten er den minste ferskvassfisken me har i Noreg.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Den nipigga stingsilda er lett å skilje frå trepigga stingsild på at ho er mindre og har fleire piggar på ryggen. Som regel er det 7-12 av dei, og dei er òg mindre og veikare enn piggane til den trepigga. Vanlegvis manglar nipigga stingsild òg beinplatene den trepigga stingsilda har langsmed sidene.

Nipigga stingsild er olivengrøn til brun på ryggen, men hannane vert noko mørkare i gytetida. Dei er små fisk, som sjeldan vert stort lenger enn 3–4 cm. Store eksemplar har likevel vorte målt heilt opp i 90 mm.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Nipigga stingsild er avhengig av vassvegetasjon i større grad enn trepigga stingsild, og lever helst i næringsrike innsjøar, bekkar og elver. Dei finst helst på heilt grunt vatn, og finst frå tid til annan òg i ope vatn over sandbotn. Saltvassbestandar er anadrome.

Nipigga stingsild et hovudsakleg små virvellause dyr, men kan òg ta rogn og fiskeyngel. Samanlikna med trepigga stingsild et ho meir plankton og mindre botndyr. Dette varierer rett nok frå populasjon til populasjon.

Kjønnsmogne hannar er særs territoriale, og byggar sylinderforma reir festa eit stykke oppe i vassvegetasjonen i mai-juni. Som byggemateriale brukar dei ymse plantedelar. Etter om lag to veker klekker dei 50-200 egga, og yngelen er kjønnsmogen etter ca eit år. Hoer veks fortare og vert eldre enn hannar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Dolmen & Koksvik: «Stiklingfisker» i Norges Dyr - Fiskene 1
  • FishBase