Punkalaidun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Punkalaidun
kommune
Punkalaidun municipal hall.JPG
Punkalaidun kommunehus
Våpenskjold
Land Flag of Finland.svg Finland
Fylke Birkaland
Areal 364,05 km²
Grunnlagd 1639
Språk finsk
Punkalaidun.sijainti.suomi.2008.svg
Wikimedia Commons: Punkalaidun

Punkalaidun er ein kommune i landskapet Birkaland i Finland. Kommunen har cirka 3 300 innbyggjarar og eit areal på 364,05 km² der 2,93 km² er vatn. Punkalaidun er ein finskspråkleg kommune som grensar til kommunane Huittinen, Humppila, Loimaa, Urjala og Sastamala. Før 2005 høyrde Punkalaidun kommune til landskapet Satakunta.

Ein av dei største arbeidsgjevarane i kommunen er SHT-Tukku, eit selskap som produserer og importerer utstyr for gravleggingar. Fabrikken sysselset om lag hundre handverkarar og har ei stort mengd modellar av kister. Punkalaidun kommune har den beste sysselsetjingssituasjonen i regionen. Arbeidsledige arbeidssøkarar i november 2016 var 123 personar eller 9,6 prosent.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bengt Östling (2. februar 2017). «Flyktingar ger nytt liv åt finska Punkalaidun, känt för sina likkistor — Arbeidsliv i Norden» (på svensk).