Punkt i matematikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Punkt i geometri)

Eit punkt er eit grunnleggande matematisk omgrep.

Evklid definerte eit punkt som «det som ikkje kan delast», og i geometrien vert punktet vanlegvis oppfatta som ein minste del, slik at geometriske objekt som linjer og flater er samansett av punkt. Eit punkt definert på den geometriske måten har ikkje noko utstrekning i noko retning, og ein kan dermed sei at det er eit geometrisk objekt med dimensjon 0.

Ein kan òg definere punkt ved hjelp av talomgrepet, sidan punkta på ei rett linje svarar til dei reelle tala, medan punkta i planet er eit punktpar (x, y), som i den analytiske geometrien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«punkt – matematisk» av Karl Egil Aubert i Store norske leksikon, snl.no.