Hopp til innhald

Purpurissekolibri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Purpurissekolibri
Purpurissekolibrihann
Purpurissekolibrihann
Purpurissekolibrihoe
Purpurissekolibrihoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Purpurissekolibri
Utbreiinga av Purpurissekolibri
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Stamme: Lampornithini
Slekt: Eugenes
Art: Purpurissekolibri E. fulgens
Vitskapleg namn
Eugenes fulgens

Purpurissekolibri (Eugenes fulgens) er ein art i kolibrifamilien, stammen «fjelljuvelar» i underfamilien Trochilinae. Han finst i Sambandsstatane, Mexico og Mellom-Amerika sør til Nicaragua.

Purpurissekolibrien er ein mellomstor kolibri med ei typisk kroppslengd på om lag 11 til 13 cm lang og masse på mellom 7,5 til 8,5 gram, der hannfuglar vanlegvis er litt større enn hofuglar. Vengespennet er 18 cm. Blant kolibriane som finst i USA er purpurissekolibrien den nest største, berre rivalisert av blåstrupejuvelen (Lampornis clemenciae) i storleik. Nebbet er svart, langt og anten rett eller svakt bogeforma. Begge kjønn ser svært mørke ut med mindre sollyset fangar opp den iriserande fjørdrakta, som då lyser opp i sterke farger.

Hannen har ein grøn-bronse rygg, som blir meir bronsefarga på stjerten, som endar i ein svart spiss. Krona er fiolett, strupen lyser sterkt blågrøn, og resten av hovudet er svart bortsett frå ei kvit flekk bak auget. Brystet er grøn-bronse, medan buken er gråleg. Hoa har ein bronsegrøn rygg og ei matt grå underside. Ho har òg ei kvit stripe bak auget. Ungfuglar liknar hofuglar, men er mørkare og brunare.[1][2]

Utbreiing og habitat

[endre | endre wikiteksten]

Purpurissekolibrien hekkar i fjellområde frå det sørvestlege av USA til Honduras og Nicaragua. Han lever i innlandsområde, skogkantar og lysningar i furu og eikeskog og i tåkeskog frå om lag 1500 moh. og opp til tregrensa på ca. 3000 moh. Han finst òg i meir opne område med sekundærskog og grassletter. Arten vitjar ofte fuglematarar som byr på sukkeroppløysing.

Nordlege populasjonar, frå sentrale Mexico og nordover er trekkfuglar. Sørlege populasjonar frå sørlege Mexico og sørover til Nord-Nicaragua er trudd å vere standfuglar. Somme i sør kan gjere vertikale trekk. Han hekkar, men overvintrar ikkje, i det sørlege Arizona, moglegvis i sørvestlege New Mexico, og i dei mexicanske delstatane Chihuahua, Sonora og kanskje fleire andre. Arten er òg registrert i Chisosfjella i Texas sommarstid, men det er ikkje stadfesta hekking der.[2]

Purpurissekolibrien har eit stort estimert utbreiingsområde (1,8 millionar km²) og storleiken på populasjonen er rekna som stabil på ca. 2 millionar kjønnsmodne individ. IUCN har kategorisert han som ein livskraftig art (LC) utan tydelege trugsmål.[3]

Referansar
  1. «Rivoli's Hummingbird». All About Birds, Cornell University. 2023. Henta 2. mars 2025. 
  2. 2,0 2,1 Powers, D. R., R. Partida-Lara, og P. L. Enríquez (2020). Rivoli's Hummingbird (Eugenes fulgens), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.maghum1.01
  3. BirdLife International. (2022). «Eugenes fulgens». IUCN Red List of Threatened Species 2021: e.T216558962A217473610. doi:10.2305/IUCN.UK.2022-2.RLTS.T216558962A217473610.en. Henta 2. mars 2025. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Purpurissekolibri