Purpurmarihand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Purpurmarihand


Status i Noreg: EN Sterkt truga

Dactylorhiza purpurella - Northern marsh orchid 2.jpg

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. majalis
Vitskapleg namn
Dactylorhiza majalis ssp. purpurella
(T. & T.A.Stephenson) D.M.Moore & Soó
Økologi
Habitat: kalkrik sanddyne
Utbreiing: landa rundt Nordsjøen

Purpurmarihand (Dactylorhiza majalis ssp. purpurella) er ei plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Purpurmarihand blei tidlegare ofte rekna som ein eigen art, Dactylorhiza purpurella, men blir no rekna til kongsmarihand-gruppa D. majalis, og har status som underart.[2] Heile gruppa er tetraploid og har truleg kome til ved hybridisering mellom dei to diploide plantene engmarihand (D. incarnata) og skogmarihand (D. maculata ssp. fuchsii), kopla med dobling av kromosomtalet.[3]

Andre underartar av kongsmarihand i Noreg er smalmarihand (ssp. sphagnicola) og lappmarihand (ssp. lapponica). I Sør-Sverige og Danmark veks nominatunderarten (ssp. majalis).

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Purpurmarihånd er bunden til kalkrikt sanddynelandskap nær sjøen i Rogaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.[4] Planta har òg vore funne i Ørland i Trøndelag, men kan vere utgått der.[5] Purpurmarihand er freda, men er truga av både redusert beite og nedbygging av lokalitetar.[6] Purpurmarihand er derfor på Norsk raudliste for artar (2021) med statusen sterkt truga (EN).[7]

Arten finst òg i Danmark (LC) (dansk namn: «purpur-gøgeurt»)[8] og på Færøyane (VU, «sera sjáldsom») (færøysk namn: «reyður børkubóndi»).[9][10] I den danske Naturbasen er det oppgitt to varietetar:

  • Dactylorhiza majalis ssp. purpurella var. purpurella (LC) (dansk namn: «purpur-gøgeurt»)[8]
  • Dactylorhiza majalis ssp. purpurella var. cambrensis (LC) (dansk namn: «vendsyssel-gøgeurt»)[11]

På Dei britiske øyane er purpurmarihand (engelsk namn: «northern marsh orchid») rekna som ein art Dactylorhiza purpurella og er rekna som livskraftig (LC) i både den britiske og den irske raudlista,[12][13] på same måte som lokalt i England og Wales,[14][15] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[16] Ein har tidlegare rekna med to underartar (ssp. purpurella og ssp. cambrensis), som no blir rekna som varietetar.[17][12] Underarten ssp. cambrensis (engelsk namn: «Welsh marsh orchid») har vore verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet [18] og er rekna som sårbar (VU) i Wales og Skottland.[15][16]

Vernetiltak[endre | endre wikiteksten]

I samband med Ryfast-utbygginga blei Vegvesenet i mars 2015 pålagt å flytte ein forekomst av purpurmarihand frå midtrabatten på motorvegen til Mostun ved Mosvatnet i Stavanger.[19]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar purpurmarihand». Artsdatabanken. Henta 23. februar 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre purpurmarihand». Artsdatabanken. Henta 23. februar 2022. 
  3. Genetisk variasjon og taksonomi i gruppa blir handsama i:
    Mikael Hedrén; m.fl. (2012). «Systematisk position av några norska Dactylorhiza-former» (PDF). Blyttia. 70 (3): 139–155. ISSN 0006-5269. 
  4. «Artskart: Purpurmarihand, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 23. februar 2022. 
  5. Gunnar Engan og Harald Bratli (2002). «Biologisk mangfold i Ørland kommune» (PDF). NIJOS-Rapport. NIJOS: Norsk institutt for jord- og skogkartlegging. s. 66. Henta 23. februar 2022. 
  6. «Forskrift om fredning av truede arter». Lovdata. 21. desember 2001. Henta 27. februar 2022. 
  7. «Raudlista: Purpurmarihand». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 23. februar 2022. 
  8. 8,0 8,1 «Naturbasen: Purpur-Gøgeurt Dactylorhiza majalis ssp. purpurella var. purpurella». Naturbasen. Henta 7. mars 2022. 
  9. Manna Maria Fosaa mfl. (2005). «Reyðlisti. Náttúrulýsing lendi og sløg» (PDF). Føroya Náttúrugripasavn. 
  10. Føroya náttúra. Lívfrøðiligt margfeldi. Tórshavn: Føroya Skúlabókagrunnur. 2006. s. 223. ISBN 99918-0-407-2. 
  11. «Naturbasen: Vendsyssel-Gøgeurt Dactylorhiza majalis ssp. purpurella var. cambrensis». Naturbasen. Henta 7. mars 2022. 
  12. 12,0 12,1 «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  13. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  14. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  15. 15,0 15,1 «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru» (PDF). Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  16. 16,0 16,1 «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  17. Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9. 
  18. «UK Biodiversity Action Plan» (PDF). Joint Nature Conservation Committee. 2007. Henta 9. mars 2022. 
  19. «Her er den sjeldne orkideen i trygg jord». NRK. 5. mars 2015. Henta 23. februar 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]