Puss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Purulent)
Eit auge med konjunktivitt som skil ut puss
Ein abscess er ei omslutta samling av puss
Duodenoskopibilete av Vaters ampulle med puss kan tyda på betennelse i gallevegane

Puss eller verk er eit eksudat som ofte er gulkvitt, gult eller gulbrunt på farge, og som kan oppstå i betente områder ved infeksjon.[1][2] Ei samling av puss i eit lukka vev blir kalla ein verkebyll, abscess eller byll,[1] medan ei synleg samling av puss inni eller under overhuda blir kalla ein pustel eller ei kvise.[3][4]

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Puss kjem frå latin pus, som tydar materie. Puss er òg kjent som edder, eiter og materie.[1]

Edder er ei eldre form av eiter, eit ord som mellom anna er brukt i edderkopp, eiterorm, eitermaur og eiterkveise.[1]

«Å spy edder og galle» er eit uttrykk som blir brukt om sure og negative utsegn.[1]

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Puss er samansett av ei tynn og proteinrik væske kjent som liquor puris. Denne inneheld delvis fordøydd vev, døde og levande bakteriar, lymfevæske, fibrin og fleire millionar døde leukocyttar frå immunsystemet (i hovudsak nøytrofilar).[1] Ved infeksjon byrjar makrofagar å frigjere cytokin som varslar nøytrofilane om infeksjonen gjennom kjemotaksis. Nøytrofilane omsluttar og øydelegg bakteriane, og bakteriane motstår dette ved å frigjere eit toksin kjent som leukocidin.[5] Når nøytrofilane døyr, som følgje av toksin og alderdom, blir dei øydelagd av makrofagar, noko som dannar det tjuktflytande pusset.

Bakteriar som fører til puss blir kalla suppurative, pyogene eller purulente.[6][7] Viss dei òg fører til slim blir dei kalla mukopurulente.

Puss er vanlegvis gulkvitt, men kan òg få andre fargar i visse omstende. Nærværet av myeloperoksidase, eit antibakterielt protein med intens grønfarge som blir danna av nokre kvite blodlekamar, kan føre til at pusset blir grønt. Grønt og illeluktande puss kan kome av infeksjon frå Pseudomonas aeruginosa. Grønfargen skuldast bakteriepigmentet pyocyanin. Pseudomonas aeruginosa kan skape blåfarga puss.[1] Amøbiske abscessar i leveren dannar brunt puss, som blir skildra som ein «ansjosliknande krem». Puss kan stundom ha ei vond lukt, og skuldast ofte puss frå anaerobe infeksjonar.[8]

I nesten alle tilfeller der det er ei samling av puss, vil legen prøve å lage ei opning slik at pusset kan renne ut. Dette prinsippet har ført til den kjende latinske aforismen «ubi pus, ibi evacua», som tydar «der det er puss, der skal det evakuerast».

Nokre vanlege sjukdommar som skuldast pyogene infeksjonar er brennkoppar, osteomyelitt, bakteriell leddbetennelse og nekrotiserande fasciitt.[9]

Pyogene bakteriar[endre | endre wikiteksten]

Veldig mange bakterieartar kan vere pyogene. Nokre av dei vanlegaste er:[10]

Staphylococcus aureus er den vanlegaste årsaka til furunklar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Tønjum, Tone (8. oktober 2014). «puss». Store medisinske leksikon. Henta 2. februar 2015. 
  2. «Pus - Definitions from Dictionary.com». reference.com. Henta 18. august 2008. 
  3. Langeland, Tor (13. februar 2009). «pustel». Store medisinske leksikon. Henta 2. februar 2015. 
  4. Langeland, Tor (13. februar 2009). «akne». Store medisinske leksikon. Henta 2. februar 2015. 
  5. Madigan, Michael T. and Martin, John M. Brock Biology of Microorganisms 11th ed. Pearson Prentice Hall. USA. 2006: 734
  6. Kåss, Erik (13. februar 2009). «pyogen». Store medisinske leksikon. Henta 2. februar 2015. 
  7. Tønjum, Tone (13. februar 2009). «purulent». Store medisinske leksikon. Henta 2. februar 2015. 
  8. Topazian RG, Goldberg MH, Hupp JR (2002). Oral and maxillofacial infections (4 utg.). Philadelphia: W.B. Saunders. ISBN 978-0721692715. 
  9. «Infections Caused by Common Pyogenic Bacteria», Dermatopathology (Springer Berlin Heidelberg), s. 83–85 
  10. Thompson, Alexis; Miles, Alexander (1921). «Pyogenic Bacteria». Manual of Surgery (6th utg.). Oxford Medical Publications.