Put Your Hand in the Hand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Put Your Hand in the Hand
av Ocean
frå albumet Put Your Hand in the Hand
B-side «Tear Down the Fences»
Utgjeve Mars 1971
Innspelt 1970
Sjanger Pop, gospel
Lengd 2:52 – Single Edit
3:53 – Album Cut
Selskap Kama Sutra
Låtskrivar(ar) Gene MacLellan
Produsent Greg Brown, Ocean
Ocean-kronologi
Put Your Hand in the Hand «Deep Enough for Me»
(1970)


«Put Your Hand in the Hand» er ein gospel-popsong komponert av Gene MacLellan og først spelt inn av den kanadiske songaren Anne Murray for det tredje studioalbumet hennar, Honey, Wheat and Laughter.

Han vart ein hit singel for det kanadiske bandet Ocean, som gav han ut som tittelsporet på debutalbumet sitt. Singelen nådde andreplassen på den amerikanske Billboard Hot 100, og vart den 22. mest selde singelen i 1971. Singelversjonen hadde ikkje med instrumentalpartiet mellom andre refreng og andre vers, og kuttar òg ut nokre repeteringar av refrenget.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7" single

A1 «Put Your Hand in the Hand» – 2:52
A2 «Tear Down the Fences» – 2:53

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt av fleire artistar i 1970-åra, som Elvis Presley (som òg spelte MacLellan sin «Snowbird»), Randy Stonehill, Frankie Laine, Donny Hathaway, Joan Baez, Les Humphries Singers og ein tyskspråkleg versjon («Ich fand eine Hand») av Cindy & Bert. Evangelisten Garner Ted Armstrong spelte inn songen i ein episode av Hee Haw i januar 1976. Countrysongarane Sandy Posey, Lynn Anderson og Loretta Lynn og The Oak Ridge Boys spelte òg inn songen.

Den sørafrikanske songaren Ray Dylan spelte inn ein versjon til albumet sitt Goeie Ou Country - Op Aanvraag.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. musica.co.za, henta 10. januar 2014.