Puyehue-Cordón Caulle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 40°35′25″S 72°07′02″W
Puyehue-Cordón Caulle
vulkan
Puyehue Lake with Puyehue volcano in the background.jpg
Namneopphav: Puyehue tyder 'stad med små fiskar' på mapudungun
Land Flag of Chile.svg Chile
Fjellkjede Andes
Stad Lago Ranco, Río Bueno og Puyehue kommune
 - høgd 2 236 moh.
 - Primærfaktor 1 800 m
 - koordinatar 40°35′25″S 72°07′02″W
Vulkantype Kompleks vulkan
Siste utbrot 2011-2012[1]
Lettast tilkomst Entre Lagos – Fundo El Caulle

Puyehue-Cordón Caulle
40°34′0″ S 72°7′0″ W
Relief Map of Chile.jpg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Puyehue Volcano

Puyehue og Cordón Caulle er to samanvaksne vulkanar som dannar eit stort fjellmassiv i Puyehue nasjonalpark i Andes i Ranco-provinsen i Chile. Innan vulkanologien vert denne gruppa kalla Puyehue-Cordón Caulle-vulkankomplekset (PCCVC). Fire forskjellige vulkanar dannar vulkangruppa eller komplekset, kalderaen Cordillera Nevada], vulkanen Mencheca frå pliocen, sprekkventilen Cordón Caulle og stratovulkanen Puyehue.[2]

Som med dei fleste stratovulkanar i Det andinske vulkanbeltet ligg Puyehue og Cordón Caulle i kryssinga mellom ei tverrgåande forkasting og den større nord-sørgåande Liquiñe-Ofqui-forkastinga. Vulkankomplekset har forma det lokale landskapet og skapt mange vulkanske landformer over dei siste 300 000 åra. Sinderkjegler, lavadomar, kalderaer og krater finst i området utanom dei sørlege områda, der ein finn særs mange forskjellige vulkanske bergartar, til dømes både primitive basaltar og rhyolittar. Cordón Caulle er kjend for utbrotet som følgde jordskjelvet i Valdivia i 1960, det kraftigaste jordskjelvet som er registrert.[3]

Puyehue-Cordón Caulle-området er eit av hovudområda som vert undersøkt for utnytting av geotermisk energi i Chile.[4][5] Geotermisk aktivitet finst på overflata av Puyehue og Cordón Caulle som fleire varmekjelder, solfataraer og fumaroler.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Servicio Nacional de Geología y Minería» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 2011-06-27. 
  2. Gerlach, David C.; Frederick A. Frey; Hugo Moreno-Roa; Leopoldo López-Escobar; Stasiuk, S.J. Lane; C. R. Adam; M. D. Murphy; R. S.J. Sparks; J.A. Naranjo (1988). «Recent Volcanism in the Puyehue-Cordon Caulle Region, Southern Andes, Chile (40.5° S): Petrogeneis of Evolved Lavas». Journal of Petrology (Oxford University Press) 58: 67–83. doi:10.1093/petrology/29.2.333. 
  3. Lara, L.E., Naranjo J.A., Moreno, H. "Rhyodacitic fissure eruption in Southern Andes (Cordón Caulle; 40.5°S) after the 1960 (Mw:9.5) Chilean earthquake: a structural interpretation". Journal of Volcanology and Geothermal Research. vol 138. 2004.
  4. Lahsen, Alfredo; Sepúlveda, Fabián; Rojas, Juan; Palacios, Carlos (2005), Present Status of Geothermal Exploration in Chile (PDF), Proceedings World Geothermal Congress 2005: Antalya, Turkey, 24–29 April 2005 
  5. Dorsch, Klaus (2003), Hydrogeologische Untersuchungen der Geothermalfelder von Puyehue und Cordón Caulle, Chile. (PDF), PhD-Thesis, Ludwig-Maximilians University Munich (LMU), Geo-Department, in German with English and Spanish abstracts. 
  6. Sepúlveda, Fabián; Lahsen, Alfredo; Dorsch, Klaus; Palacios, Carlos and Bender, Steffen. Geothermal Exploration in the Cordón Caulle Region, Southern Chile. Proceedings World Geothermal Congress 2005.