Bylbylar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pycnonotidae)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bylbylar


Brunøyrebylbyl Ixos amaurotis
Brunøyrebylbyl
Ixos amaurotis

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Pycnonotidae
Slekter
  • Andropadus
  • Bylbylar, Pycnonotidae, er ein biologisk familie av små til mellomstore fuglar innanfor inndelinga songfuglar av sporvefuglar. Familien er fordelt over det meste av Afrika og inn i Midtausten, gjennom tropisk Asia til Indonesia, og så langt nord som Japan. Nokre få isolerte artar lever på dei tropiske øyane i Indiahavet. Det finst om lag 140 artar i 23 slekter. Medan nokre artar finst i dei fleste habitat, er afrikanske artar hovudsakleg funne i regnskogen. Derimot er regnskogsartar sjeldne i Asia, i staden føretrekkjer dei meir opne område der.

    Den einaste bylbylen som førekjem i Europa ber ein gul flekk, men er elles brunleg. Han vart oppdaga i Kykladane.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Arabarbylbyl, Pycnonotus xanthopygos

    Bylbylar er slanke sporvefuglar med kort hals. Stjerten er lang og vengene korte og avrunda. Hos mest alle artar er nebbet langstrakt og litt nedbøygd i enden. Dei varierer i lengd frå 13 cm for knøttbylbyl til 29 cm for stråbylbyl. Generelt er kjønna like, sjølv om hofuglar har ein tendens til å vere litt mindre ein hannfuglar. Hos nokre få artar er skilnadene så store at dei feilaktig har vore skildra som funksjonelt ulike artar. Den mjuke fjørdrakta hos nokre artar er fargerik med område i gult, raudt eller oransje i kinn, hals eller panne, men dei fleste er lite iaugefallande, med einsarta olivenbrun til svart fjørdrakt. Artar med kjedeleg farga auga har ofte augeringar i kraftig kontrastfarge. Nokre artar har mykje tydelege fjørtoppar. Bylbylar er særs vokale, songen for dei fleste artane blir skildra som nasal eller grusleg. Ein forfattar har skildra songen frå brunøyrebylbyl som «dei mest skjemmande lydar laga av nokon fugl»[1].

    Bylbylar et frå eit breitt spekter av ulike matkjelder, frå frukt til frø, nektar, små insekt og andre leddyr, og sjølv små virveldyr. Dei fleste artane er fruktetarar og supplere kosten med nokre insekt, medan det er ein betydeleg minoritet av spesialistar, særleg i Afrika. Ope land artar er spesielt generalistar. Bylbylar i slekta Criniger så vel som børstebylbylar i slekta Bleda utfører matauke i fleirartsflokkar.

    Bylbylar er generelt monogame. Eit uvanleg unntak er mustasjebylbyl som det minste i delar av utbreiingsområde synast å vere polygame og engasjerer seg i eit paringsleiksystem. Nokre artar har òg ordningar med «fosterforeldre», der dei som ikkje hekkar, vanlegvis unge fuglar frå tidlegare kull, bidrar til å syte for oppveksande ungar frå eit dominerande hekkande par. Hoa legg og rugar opptil fem lillarosa egg, reiret blir bygd i eit tre. Ruginga varar vanlegvis mellom 11 og 14 dagar, og ungane er flygedyktige etter 12-16 dagar.

    Tilhøvet til menneske[endre | endre wikiteksten]

    Raudøyrebylbyl og raudgumpbylbyl blir fanga i store mengder for sal som burfuglar. Dei har òg vorte mykje introduserte til tropiske og subtropiske område, til dømes sørlege Florida, Fiji, Australia og Hawaii. Nokre artar reknast som skadedyr for avlingar, særleg i frukthagar.

    Generelt er bylbylar er resistente mot menneskeleg påverknad på miljøet og er tolerant overfor forstyrra habitat. Rundt 13 artar er vurdert som trua av menneskeleg aktivitet, dette er hovudsakleg spesialiserte skogsartar som taper habitat.

    Etymologi og kultur[endre | endre wikiteksten]

    Ordet 'bylbyl' kjem gjennom tysk frå klassisk arabisk og persisk بلبل bulbul.[2] Det er eit lydhermande ord som viser til songen til fuglen.[3]

    Bylbylen er ein viktig fugl i arabisk og persisk dikting, og eit mykje brukt symbol innan sufismen. [4] I omsetjingar til europeiske språk blir han gjerne erstatta med nattergal.[5] I fleire asiatiske tradisjonar bruker ein til dømes «bulbul» som metafor om ein dyktig songar, slik ein i Vesten gjerne har brukt «nattergal».

    Systematikk[endre | endre wikiteksten]

    Bylbylar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]

    Slekt Andropadus

    • Krattbylbyl, Andropadus importunus, Sombre Greenbul, Vieillot, 1818, (LC)

    Slekt Stelgidillas

    • Smalnebbylbyl, Stelgidillas gracilirostris, Slender-billed Greenbul, Strickland, 1844, (LC)

    Slekt Calyptocichla

    • Gyllenbukbylbyl, Calyptocichla serinus, Golden Greenbul, Verreaux, J & Verreaux, E, 1855, (LC)

    Slekt Neolestes

    • Varslarbylbyl, Neolestes torquatus, Black-collared Bulbul, Cabanis, 1875, (LC)

    Slekt Bleda

    Slekt Arizelocichla

    • Kamerunbylbyl, Arizelocichla montana, Cameroon Mountain Greenbul, Reichenow, 1892, (NT)
    • Skuggebylbyl, Arizelocichla masukuensis, Shelley's Greenbul, Shelley, 1897, (LC)
    • Vestfjellbylbyl, Arizelocichla tephrolaema, Western Mountain-Greenbul, Gray, GR, 1862, (LC)
    • Austfjellbylbyl, Arizelocichla nigriceps, Eastern Mountain-Greenbul, Shelley, 1889, (LC)
    • Stripekinnbylbyl, Arizelocichla milanjensis, Stripe-cheeked Greenbul, Shelley, 1894, (LC)

    Slekt Chlorocichla

    • Umbralauvbylbyl, Chlorocichla simplex, Simple Greenbul, Hartlaub, 1855, (LC)
    • Gulhakelauvbylbyl, Chlorocichla falkensteini, Yellow-necked Greenbul, Reichenow, 1874, (LC)
    • Gulbuklauvbylbyl, Chlorocichla flaviventris, Yellow-bellied Greenbul, Smith, A, 1834, (LC)
    • Jubellauvbylbyl, Chlorocichla laetissima, Joyful Greenbul, Sharpe, 1899, (LC)
    • Lendulauvbylbyl, Chlorocichla prigoginei, Prigogine's Greenbul, De Roo, 1967, (EN)

    Slekt Baeopogon

    • Honninglosbylbyl, Baeopogon indicator, Honeyguide Greenbul, Verreaux, J & Verreaux, E, 1855, (LC)
    • Bleikhalebylbyl, Baeopogon clamans, Sjöstedt's Greenbul, Sjöstedt, 1893, (LC)

    Slekt Atimastillas

    Slekt Ixonotus

    • Flekkbylbyl, Ixonotus guttatus, Spotted Greenbul, Verreaux, J & Verreaux, E, 1851, (LC)

    Slekt Thescelocichla

    • Palmebylbyl, Thescelocichla leucopleura, Swamp Greenbul, Cassin, 1855, (LC)

    Slekt Criniger

    Slekt Eurillas

    • Dvergbylbyl, Eurillas gracilis, Gray Greenbul, Cabanis, 1880, (LC)
    • Pygmébylbyl, Eurillas ansorgei, Ansorge's Greenbul, Hartert, 1907, (LC)
    • Gråstrupebylbyl, Eurillas curvirostris, Plain Greenbul, Cassin, 1859, (LC)
    • Mustasjebylbyl, Eurillas latirostris, Yellow-whiskered Greenbul, Strickland, 1844, (LC)
    • Songbylbyl, Eurillas virens, Little Greenbul, Cassin, 1857, (LC)

    Slekt Phyllastrephus

    • Bladbylbyl, Phyllastrephus scandens, Leaf-love, Swainson, 1837, (LC)
    • Markbylbyl, Phyllastrephus terrestris, Terrestrial Brownbul, Swainson, 1837, (LC)
    • Kjerrbylbyl, Phyllastrephus strepitans, Northern Brownbul, Reichenow, 1879, (LC)
    • Angolabylbyl, Phyllastrephus fulviventris, Pale-olive Greenbul, Cabanis, 1876, (LC)
    • Elvebylbyl, Phyllastrephus cerviniventris, Gray-olive Greenbul, Shelley, 1894, (LC)
    • Ashantibylbyl, Phyllastrephus baumanni, Baumann's Greenbul, Reichenow, 1895, (LC)
    • Ugandabylbyl, Phyllastrephus hypochloris, Toro Olive-Greenbul, Jackson, 1906, (LC)
    • Swahilibylbyl, Phyllastrephus fischeri, Fischer's Greenbul, Reichenow, 1879, (LC)
    • Jungelbylbyl, Phyllastrephus cabanisi, Cabanis's Greenbul, Sharpe, 1882, (LC)
    • Ravinebylbyl, Phyllastrephus poensis, Cameroon Olive-Greenbul, Alexander, 1903, (LC)
    • Sitronbylbyl, Phyllastrephus icterinus, Icterine Greenbul, Bonaparte, 1850, (LC)
    • Rustnakkebylbyl, Phyllastrephus lorenzi, Sassi's Greenbul, Sassi, 1914, (LC)
    • Svovelbylbyl, Phyllastrephus xavieri, Xavier's Greenbul, Oustalet, 1892, (LC)
    • Lianebylbyl, Phyllastrephus albigularis, White-throated Greenbul, Sharpe, 1882, (LC)
    • Akrobatbylbyl, Phyllastrephus flavostriatus, Yellow-streaked Greenbul, Sharpe, 1876, (LC)
    • Oskehovudbylbyl, Phyllastrephus poliocephalus, Gray-headed Greenbul, Reichenow, 1892, (NT)
    • Knøttbylbyl, Phyllastrephus debilis, Tiny Greenbul, Sclater, WL, 1899, (LC)
    • Usambarabylbyl, Phyllastrephus albigula, Usambara Greenbul, Grote, 1919, (NT)

    Slekt Brachypodius

    • Kvitvengbylbyl, Brachypodius melanoleucos, Black-and-white Bulbul, Eyton, 1839, (NT)
    • Brunryggbylbyl, Brachypodius eutilotus, Puff-backed Bulbul, Jardine & Selby, 1837, (NT)
    • Gulbrillebylbyl, Brachypodius urostictus, Yellow-wattled Bulbul, Salvadori, 1870, (LC)
    • Gråhovudbylbyl, Brachypodius priocephalus, Gray-headed Bulbul, Jerdon, 1839, (NT)
    • Svarthovudbylbyl, Brachypodius atriceps, Black-headed Bulbul, Temminck, 1822, (LC)
    • Andamanbylbyl, Brachypodius fuscoflavescens, Andaman Bulbul, Hume, 1873, (LC)

    Slekt Rubigula

    • Oransjebrillebylbyl, Rubigula erythropthalmos, Spectacled Bulbul, Hume, 1878, (LC)
    • Blybylbyl, Rubigula cyaniventris, Gray-bellied Bulbul, Blyth, 1842, (NT)
    • Skjelbylbyl, Rubigula squamata, Scaly-breasted Bulbul, Temminck, 1828, (NT)
    • Svarttoppbylbyl, Rubigula flaviventris, Black-crested Bulbul, Tickell, 1833, (LC)
    • Eldhakebylbyl, Rubigula gularis, Flame-throated Bulbul, Gould, 1836, (LC)
    • Svarthettebylbyl, Rubigula melanicterus, Black-capped Bulbul, Gmelin, JF, 1789, (LC)
    • Rubinstrupebylbyl, Rubigula dispar, Ruby-throated Bulbul, Horsfield, 1821, (VU)
    • Borneobylbyl, Rubigula montis, Bornean Bulbul, Sharpe, 1879, (LC)

    Slekt Nok

    • Barhovudbylbyl, Nok hualon, Bare-faced Bulbul, Woxvold, Duckworth & Timmins, 2009, (LC)

    Slekt Spizixos

    • Toppfinkebylbyl, Spizixos canifrons, Crested Finchbill, Blyth, 1845, (LC)
    • Kinafinkebylbyl, Spizixos semitorques, Collared Finchbill, Swinhoe, 1861, (LC)

    Slekt Pycnonotus

    • Stråbylbyl, Pycnonotus zeylanicus, Straw-headed Bulbul, Gmelin, JF, 1789, (EN)
    • Stripebylbyl, Pycnonotus striatus, Striated Bulbul, Blyth, 1842, (LC)
    • Spraglebylbyl, Pycnonotus leucogrammicus, Cream-striped Bulbul, Müller, S, 1836, (LC)
    • Guløyrebylbyl, Pycnonotus tympanistrigus, Spot-necked Bulbul, Müller, S, 1836, (NT)
    • Taiwanbylbyl, Pycnonotus taivanus, Styan's Bulbul, Styan, 1893, (VU)
    • Raudgumpbylbyl, Pycnonotus cafer, Red-vented Bulbul, Linné, 1766, (LC)
    • Raudøyrebylbyl, Pycnonotus jocosus, Red-whiskered Bulbul, Linné, 1758, (LC)
    • Brunbrystbylbyl, Pycnonotus xanthorrhous, Brown-breasted Bulbul, Anderson, 1869, (LC)
    • Kinabylbyl, Pycnonotus sinensis, Light-vented Bulbul, Gmelin, JF, 1789, (LC)
    • Hagebylbyl, Pycnonotus barbatus, Common Bulbul, Desfontaines, 1789, (LC)
    • Raudbrillebylbyl, Pycnonotus nigricans, Black-fronted Bulbul, Vieillot, 1818, (LC)
    • Kvitbrillebylbyl, Pycnonotus capensis, Cape Bulbul, Linné, 1766, (LC)
    • Arabarbylbyl, Pycnonotus xanthopygos, White-spectacled Bulbul, Hemprich & Ehrenberg, 1833, (LC)
    • Kvitøyrebylbyl, Pycnonotus leucotis, White-eared Bulbul, Gould, 1836, (LC)
    • Himalayabylbyl, Pycnonotus leucogenys, Himalayan Bulbul, Gray, JE, 1835, (LC)
    • Sothettebylbyl, Pycnonotus aurigaster, Sooty-headed Bulbul, Vieillot, 1818, (LC)
    • Blåbrillebylbyl, Pycnonotus nieuwenhuisii, Blue-wattled Bulbul, Finsch, 1901, (DD)
    • Oransjeflekkbylbyl, Pycnonotus bimaculatus, Orange-spotted Bulbul, Horsfield, 1821, (NT)
    • Strekstrupebylbyl, Pycnonotus finlaysoni, Stripe-throated Bulbul, Strickland, 1844, (LC)
    • Gulstrupebylbyl, Pycnonotus xantholaemus, Yellow-throated Bulbul, Jerdon, 1845, (VU)
    • Duskbylbyl, Pycnonotus penicillatus, Yellow-eared Bulbul, Blyth, 1851, (NT)
    • Gulstenkbylbyl, Pycnonotus flavescens, Flavescent Bulbul, Blyth, 1845, (LC)
    • Kvitbrynbylbyl, Pycnonotus luteolus, White-browed Bulbul, Lesson, R, 1841, (LC)
    • Gulgumpbylbyl, Pycnonotus goiavier, Yellow-vented Bulbul, Scopoli, 1786, (LC)
    • Olivenvengbylbyl, Pycnonotus plumosus, Olive-winged Bulbul, Blyth, 1845, (LC)
    • Oskepannebylbyl, Pycnonotus cinereifrons, Ashy-fronted Bulbul, Tweeddale, 1878, (LC)
    • Burmeserbylbyl, Pycnonotus blanfordi, Ayeyarwady Bulbul, Jerdon, 1862, (LC)
    • Strekøyrebylbyl, Pycnonotus conradi, Streak-eared BulbulFinsch, 1873
    • Kremgumpbylbyl, Pycnonotus simplex, Cream-vented Bulbul, Lesson, R, 1839, (LC)
    • Raudaugebylbyl, Pycnonotus brunneus, Red-eyed Bulbul, Blyth, 1845, (LC)

    Slekt Tricholestes

    • Hårbylbyl, Tricholestes criniger, Hairy-backed Bulbul, Blyth, 1845, (LC)

    Slekt Setornis

    • Kroknebbylbyl, Setornis criniger, Hook-billed Bulbul, Lesson, R, 1839, (VU)

    Slekt Alophoixus

    • Olivenbrystbylbyl, Alophoixus finschii, Finsch's Bulbul, Salvadori, 1871, (NT)
    • Kvitstrupebylbyl, Alophoixus flaveolus, White-throated Bulbul, Gould, 1836, (LC)
    • Bruntoppbylbyl, Alophoixus pallidus, Puff-throated Bulbul, Swinhoe, 1870, (LC)
    • Okerbylbyl, Alophoixus ochraceus, Ochraceous Bulbul, Moore, F, 1854, (LC)
    • Gråkinnbylbyl, Alophoixus bres, Gray-cheeked Bulbul, Lesson, R, 1831, (LC)
    • Oskestrupebylbyl, Alophoixus frater, Gray-throated Bulbul, Sharpe, 1877, (LC)
    • Gulbukbylbyl, Alophoixus phaeocephalus, Yellow-bellied Bulbul, Hartlaub, 1844, (LC)
    • Sangihebylbyl, Alophoixus platenae, Sangihe Golden-Bulbul
    • Togianbylbyl, Alophoixus aureus, Togian Golden-Bulbul
    • Sulabylbyl, Alophoixus longirostris, Sula Golden-Bulbul
    • Halmaherabylbyl, Alophoixus chloris, Halmahera Golden-Bulbul
    • Obibylbyl, Alophoixus lucasi, Obi Golden-Bulbul
    • Grønskebylbyl, Alophoixus mystacalis, Buru Golden-Bulbul
    • Gulbylbyl, Alophoixus affinis, Seram Golden-Bulbul, Hombron & Jacquinot, 1841, (LC)

    Slekt Iole

    • Palawanbylbyl, Iole palawanensis, Sulphur-bellied Bulbul, Tweeddale, 1878, (LC)
    • Okergumpbylbyl, Iole crypta, Buff-vented BulbulOberholser, 1918
    • Sepiabylbyl, Iole charlottae, Charlotte's Bulbul, Finsch, 1867, (NT)
    • Gråaugebylbyl, Iole propinqua, Gray-eyed Bulbul, Oustalet, 1903, (LC)
    • Cacharbylbyl, Iole cacharensis, Cachar BulbulDeignan, 1948
    • Olivenbylbyl, Iole viridescens, Olive Bulbul, Blyth, 1867, (LC)
    • Solbylbyl, Iole indica, Yellow-browed Bulbul, Jerdon, 1839, (LC)

    Slekt Hypsipetes

    • Madagaskarbylbyl, Hypsipetes madagascariensis, Madagascar Bulbul, Statius Müller, PL, 1776, (LC)
    • Seychellbylbyl, Hypsipetes crassirostris, Seychelles Bulbul, Newton, E, 1867, (LC)
    • Komorbylbyl, Hypsipetes parvirostris, Grand Comoro Bulbul, Milne-Edwards & Oustalet, 1885, (VU)
    • Mohélibylbyl, Hypsipetes moheliensis, Moheli Bulbul, Benson, 1960, (EN)
    • Reunionbylbyl, Hypsipetes borbonicus, Reunion Bulbul, Forster, JR, 1781, (NT)
    • Mauritiusbylbyl, Hypsipetes olivaceus, Mauritius Bulbul, Jardine & Selby, 1837, (VU)
    • Svartbylbyl, Hypsipetes leucocephalus, Black Bulbul, Gmelin, JF, 1789, (LC)
    • Ganesabylbyl, Hypsipetes ganeesa, Square-tailed Bulbul, Sykes, 1832, (LC)
    • Nikobarbylbyl, Hypsipetes nicobariensis, Nicobar Bulbul, Temminck, 1825, (LC)
    • Kvithovudbylbyl, Hypsipetes thompsoni, White-headed Bulbul, Bingham, 1900, (LC)
    • Brunøyrebylbyl, Hypsipetes amaurotis, Brown-eared Bulbul, Temminck, 1830, (LC)
    • Visaybylbyl, Hypsipetes guimarasensis, Visayan BulbulSteere, 1890
    • Zamboangabylbyl, Hypsipetes rufigularis, Zamboanga Bulbul, Sharpe, 1877, (NT)
    • Gusjebylbyl, Hypsipetes everetti, Yellowish Bulbul, Tweeddale, 1877, (LC)
    • Mindorobylbyl, Hypsipetes mindorensis, Mindoro BulbulSteere, 1890
    • Stripebrystbylbyl, Hypsipetes siquijorensis, Streak-breasted Bulbul, Steere, 1890, (EN)
    • Filippinarbylbyl, Hypsipetes philippinus, Philippine Bulbul, Forster, JR, 1795, (LC)

    Slekt Hemixos

    • Gulvengbylbyl, Hemixos flavala, Ashy Bulbul, Blyth, 1845, (LC)
    • Kastanjebylbyl, Hemixos castanonotus, Chestnut Bulbul, Swinhoe, 1870, (LC)

    Slekt Ixos

    • Kanelbrystbylbyl, Ixos mcclellandii, Mountain Bulbul, Horsfield, 1840, (LC)
    • Sundabylbyl, Ixos virescens, Sunda Bulbul, Temminck, 1825, (LC)
    • Malaybylbyl, Ixos malaccensis, Streaked Bulbul, Blyth, 1845, (NT)

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    • Goodell, Grace (1979), «Bird Lore in Southwestern Iran», Asian Folklore Studies (Nanzan Institute for Religion and Culture) 38 (2): 131–153 
    • Kadhim, Hussein N. (2004), The poetics of anti-colonialism in the Arabic qaṣīdah, BRILL 
    • Provençal, Philippe (1993), «The biological sciences in Classical Arabic culture – new approaches in research», i H. Palva, The biological Middle East - Unity and Diversity: Papers from the Second Nordic Conference, C. Hurst & Co. Publishers, s. 243–244 
    • Denne artikkelen bygger på «Bulbul» frå Wikipedia på engelsk, den 13. august 2010, artikkelen gav følgjande kjelder:
      • Beresford, P.; Barker, F.K.; Ryan, P.G. & Crowe, T.M. (2005) African endemics span the tree of songbirds (Passeri): molecular systematics of several evolutionary 'enigmas'. Proceedings of the Royal Society 272(1565): 849–858. doi:10.1098/rspb.2004.2997 PDF fulltext Electronic appendix
      • Cibois, Alice; Slikas, Beth; Schulenberg, Thomas S. & Pasquet, Eric (2001) An endemic radiation of Malagasy songbirds is revealed by mitochondrial DNA sequence data. Evolution 55(6): 1198-1206. DOI:10.1554/0014-3820(2001)055[1198:AEROMS]2.0.CO;2 PDF fulltext
      • Delacour, J. (1943): A revision of the genera and species of the family Pycnonotidae (bulbuls). Zoologica 28(1): 17-28.
      • *Fishpool, L.; Tobias, J. (2005), «Family Pycnonotidae (Bulbuls)», i del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D., Handbook of the Birds of the World, 10: Cuckoo-Shrikes to Thrushes, Lynx Edicions, ISBN 8487334725 
      • Moyle, Robert G. & Marks, Ben D. (2006) Phylogenetic relationships of the bulbuls (Aves: Pycnonotidae) based on mitochondrial and nuclear DNA sequence data. Molecular Phylogenetics and Evolution 40(3): Pages 687-695. doi:10.1016/j.ympev.2006.04.015 (HTML abstract)
      • Pasquet, Éric; Han, Lian-Xian; Khobkhet, Obhas & Cibois, Alice (2001) Towards a molecular systematics of the genus Criniger, and a preliminary phylogeny of the bulbuls (Aves, Passeriformes, Pycnonotidae). Zoosystema 23(4): 857-863. PDF fulltext

    Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

    1. Fishpool & Tobias 2005
    2. «bulbul», Oxford English Dictionary, 1989
    3. Goodell 1979, Bulbul ved www.thewonderofbirds.com
    4. Kadhim 2004, s. 107
    5. Provençal 1993, s. 243-4
    6. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
    7. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]