Pyramid Island i Sør-Shetlandsøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 62°25′10″S 60°5′59″W
Pyramid Island
øy
Pyramid-Island.jpg
Pyramid Island (i midten i bakgrunnen) frå Miziya PeakLivingston Island med Cone Rock føre ein holme nær Pyramid Island, og Zed Islands til venstre og Meade Islands til høgre.
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Øygruppe Sør-Shetlandsøyane
Stad Antarktis
 - koordinatar 62°25′10″S 60°5′59″W
Høgaste punkt
 - høgd 205 moh.
Areal ha [1]
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Pyramid Island i Sør-Shetlandsøyane is located in Antarktis
Pyramid Island i Sør-Shetlandsøyane (Antarktis)

Pyramid Island er ei høg, søyleforma klippe nord i McFarlane Strait i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Ho er 205 meter høg og dekkjer 9 hektar.[1] Cone Rock er eit skjer sør for øya. Området kring Pyramid Island vart vitja 19. februar 1819 under oppdaginga av Sør-Shetlandsøyane av kaptein William Smith på den britiske briggen «Williams», og seinare av selfangarar på 1800-talet.

Topografisk kart over Livingston, Greenwich, Robert, Snow og Smith-øyane.

Begge øyane og skjeret vart kartlagde og namngjevne etter forma av Discovery Investigations i 1935.

Pyramid Island ligg 4,8 km nordvest for Duff PointGreenwich Island, 3,36 km nordvest for Meade Islands, 3,78 km nord-nordaust for Williams Point og 1,76 km nordaust for Koshava Island på Zed Islands.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 L.L. Ivanov. Antarctic: Livingston Island and Greenwich, Robert, Snow and Smith Islands. Scale 1:120000 topographic map. Troyan: Manfred Wörner Foundation, 2009. ISBN 978-954-92032-6-4

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]