Pyramidekabal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kort lagt opp til pyramidekabal

Pyramidekabal, ofte kalla berre pyramiden, er ein kabal der målet er å bli kvitt alle korta. Ein legg ut korta i form som ein pyramide, med eit kort på toppen, to i rada under, tre i neste og så vidare, til ein har sju kort i botnrada.

Reglar[endre | endre wikiteksten]

  • Ein fjernar kort ved at to tilstøytande kort, som anten ligg ved sida av kvarandre eller over/under einannan, til saman har verdien 13. Til dømes ligg ein åttar og ein femmar ved sida av kvarandre, summen av desse blir da 13, og dei blir tekne ut. Kongane har verdien 13 og fjernast aleine.
  • Ein kan berre fjerne dei øvstliggjande korta, det vil seie at ein ikkje kan fjerne eit kort som ligg under eit anna, med mindre dei to har summen 13.
  • Dei korta du ikkje legg ut, skal leggast i ein bunke ved sida av, med baksida opp. Ein trekker eit og eit herfrå om ein ikkje kan fjerne kort frå pyramiden. Om det trekte kortet gjev summen 13 saman med eit fritt kort i pyramiden, blir dei tatt ut.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

  • Ein kan vinne både ved at berre pyramiden må fjernast, eller at alle 52 korta må ut.
  • Ein kan ha spissen på pyramiden anten oppover eller nedover, eller ein kan ha ein dobbelspissa pyramide.