Pyramidetak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skisse av pyramidetak
Pyramidetak på Markustårnet i Venezia.

Pyramidetak er slike tak på bygningar som er forma som ein regulær pyramide med kvadratisk grunnflate.[1] Det er ei anna nemning på den typen tak som elles vert kalla telttak, som har ei form som liknar telt med ei einaste, sentralt plassert stong til å halde duken oppe. Nemninga pyramidetak vert helst nytta om dei telttaka som er forma som ein regulær pyramide med kvadratisk grunnflate, altså tak som er konstruerte på den måten at fire einsforma takflater med trekanta form dannar ein spiss. Difor er det bygningar eller bygningsdelar med ei kvadratisk grunnflate som har pyramidetak, til dømes tårn på kyrkjer eller tårn på andre bygningar.

Då nemninga telttak på sett og vis er internasjonal ved å verte nytta på same måte i fleire språk med vedkomande språk sine eigne ord, som til dømes tälttaksvensk, Zeltdachtysk og tented roofengelsk, kan det sjå ut til at denne nemninga er i ferd med å erstatte nemninga pyramidetak.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hagen, Håvard (12. april 2013). «Pyramidetak». Store norske leksikon. Henta 22. august 2018.